Småtrolluka er i gang
No er den 35. Småtrolluka igang i Rindal med mesta 250 deltakarar! Reknar vi med at det er mange familiar som er på familiecampen ved skolen, så vil du legge merke til dei denne veka.
Rune Løfald er ledar for Småtrolluka, men Eli Landsem er sjefen, poengterer han. Her sitt trenar for PLUSS-gjengen, dei som vil litt meir, Jan Aksel Opsahl Odden. Det er andre året han er med. For vaksne lesarar kan vi legge til at han er barnebarn til Arve Opsahl.
Her er det Anton Bruaset (9) frå Vormstad som sjekkar inn og får ryggsekk, T-skjorte og informasjon. Han møtte kjente straks! Den eldre broren fann innsjekkinga si litt lenger borte langs veggen i Rindalshuset.
Pia, Anny med Harald og Eline frå Meldal gledde seg til Småtrolluka. Jentene er 9 år, men Harald skal ikkje vere med.
Olav Lie Klausen (13) var einaste spelaren frå Tynset i år. Han besøker bestefar Johan Lie. Neste år håper han å få med seg fleire frå laget sitt.
Eli Landsem heldt opningshelsinga til deltakarane og ønska dei velkomne. Ho oppfordra alle til å ta vare på kvarandre og søke nye venner.
Det småregna litt på opningsdagen, men ho advarte likevel mot bading i Igltjønna:
- Det er strengt forbudt å drukne, sa ho. Bad aldri aleine. Det vil vere badevakter i pausane, men utanom det må dei passe på kvarandre. Ho var også streng når ho la ned forbud mot å kaste boss.
- Vi har ingen under oss til å plukke opp boss, var meldinga frå sjefen. Det gjeld jo oss alle!
Så strømma deltakarar og dei mange frivillige ledarane ut av Rindalshuset og drog til fotballbanen!
Her skal dei boltre seg mesteparten av dagane, men mykje foregår elles rundt om i sentrum og vidare i bygda, så dei lokale vert oppmoda om å ta det roleg og ta omsyn til mange fotgjengarar og auka trafikk!