Preika til Lene prest
Slepp fangane fri, det er vår!
Preike sundag 10.06.12.
Me må sleppe til dei unge!! Kor mange har vel ikkje sagt og tenkt slik når dei ser at dei er ferdige med det som var toppen av karriera. Det kan vera politikarar som har hatt svære verv – eller det kan vera gardbrukaren som er glad for at einkvan vil ta over.
Nokon kan også føle på dette å sleppe ungdommen til som eit utidig krav. Dei trivst på jobb og vil gjerne stå i jobb til dei må slutte. Og så kjem dette spørsmålet utidig og ubeleileg: Når vil du bli pensjonist? Vil du sjå på seniortiltak?
Alt i alt er det lettare å sleppe ungdommen til når ein er klar til å sleppe taket sjølv. Så lenge tida ikkje er moden for å trappe ned, er det heller ikkje artig å bli bedt om det.
I det avsnittet tekst me skal dele i dag frå Johannes 3, er det greitt å sleppe ungdommen til for dei som står midt oppe i det. Men for dei som står rundt, er det verre.
Kven er så gamlingen og kven er ungdommen her? Vel – dei er vel ganske jamngamle, Johannes døyparen og Jesus. Men Johannes har halde på lengre. Han har døypt lenge nok til å bli kalla for Johannes Døyparen. Mens Jesus, han er nykomlingen.
Så skjer det – typisk nok – at disiplane ser krig og uro der Seniordøyparen og Juniordøyparen berre ser fred og fordragelegheit.
Me skal høyre korleis det går til frå Johannes 3, 26-30.
De gikk til Johannes og sa til ham: «Rabbi, han som var sammen med deg på den andre siden av Jordan, og som du vitnet om, han døper nå, og alle går til ham.» Johannes svarte: «Et menneske kan ikke få noe uten at det blir gitt ham fra himmelen. Dere er selv mine vitner på at jeg sa: Jeg er ikke Messias, men jeg er sendt i forveien for ham. Den som har bruden, han er brudgom. Men brudgommens venn som står og hører på ham, gleder seg stort over å høre brudgommens stemme. Denne gleden er nå blitt min, helt og fullt. Han skal vokse, jeg skal avta. Joh 3,26-30.
Kva teller mest? Er det at eg skal halde på posisjonen min, eller er det viktigast at det skal bli bra for alle?
Johannes Døyparen har eit avklart forhold både til seg sjølv, si eiga rolle og til han som skulle koma etter. Han veit kven han er sjølv, og han veit kven Jesus er som kjem etter.
Så godt Johannes har det!! No ser han at døypinga han dreiv med berre var som ei førebuing å rekne til det Gudsriket som er kome med Jesus. Jesus døyper fullkomment, han døyper til nytt liv – i seg sjølv. Forstå det den som vil – Johannes Døyparen har gjort det.
Det kan vera Johanens Døyparen sjølv har fått med seg eitkvart ifrå den plassen som blir kalla for Ovenfra.
Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han ifrå himmelen.
Tenk om me hadde visst det, visst at det er slik: Det me får som verkeleg har verdi, er det me har fått ovantil.
Me må gjerne ramse opp for oss sjølve kva me har fått ovantil:
Me har fått evner og ressursar. Me har fått medgang og motgang. Me har fått evne til å elske – og gjerne einkvan me kunne elske også. Me har fått bakke å gå på og mål å strekke oss etter. Kva er det nå eingong me har som me ikkje har fått?
Det kan vera lurt å tenkja tanken ut. Tenkja tanken heilt ut – og då blir det gjerne så me står att med dette eine: Han skal vekse, eg skal avta.
Sjå det!! Me kan gjerne arbeide som Johannes Døyparen. Hjelpe folk til fred og forsoning både med seg sjølve og kvarandre. Me må gjera vårt for at verda blir ein betre stad for alle – i staden for å seie at me har rett på det meste.
Men kallet vårt stansar ikkje der! Kallet vårt har sin ende i han som skal bli større når vårt ego og våre planar, våre ambisjonar og vår samlemani blir mindre.
Så enkelt er det: Skal Jesus vekse i det me har av tanke og tid, bevisstheit og mål, så må det berre bli mindre av alt det andre – det vera seg alt dette Predikaren i det gamle testamente kallar for tomheit og jag etter vind.
Me må gjerne sleppe til dei unge. For all del. Men skal det bli liv og energi, framtid og visjonar som rekk lengre enn til våre eigne tær, må me nok sleppe til Jesus òg.
Korleis me gjer det? Me kan byrja med å takke. Så kan me gjerne sjå korleis det ballar på seg. Han veks og eg avtar.
Ungdommar som skal vere leirledarar på leirar på Gråhaugen i sommar, deltok med tekstlesing og song.