Trident Juncture 2018:

Slaget om Rindal

Tirsdag inviterte Rindal kommune til informasjonsmøte om den store militærøvinga Trident Juncture 2018. Det ser ut som Rindal kjem til å merke den godt!

IMGP6769.JPG

På bildet over ser vi nokre av dei som deltok: Birgit Reisch, rådmann, Richard Moen, HV-11, Ove Andreasen, miljøvernoffiser, Tove Schei, Rindal kommune, Kjell Hakeberg, vegvesenet, Ola T. Heggem, ordførar, Ingunn Moholt og Morten Harangen DSB.

På informasjonsmøtet stilte folk frå Forsvaret, vegvesenet, politiet og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) i tillegg til kommuneadministrasjonen.

IMGP6765.JPG

Det var to møter, først for husdyreigarar, grunneigarar i dei mest aktuelle områda og andre spesielt inviterte (over), og etterpå eit ope folkemøte (nedafor). Begge møta hadde god deltaking, noko som tyder på ei viss spenning framfor det som ligg framfor oss.

2018-10-02 17.00.51.jpg
IMGP6764.JPG

Øvelsa Trident Juncture blir den største øvinga som har vore i Norge sidan på 1980-talet, kunne Richard Moen (over) frå HV-11 fortelle. Det vil delta 150 fly, 70 skip og 40 000 mann frå 31 nasjonar, 25 allierte og 6 partnernasjonar. Engelsk er administrasjonsspråket, noko som blir ei utfordring for somme nasjonar, i tillegg til dei uvante naturutfordringane dei vil møte.

Det er også verdt å merke seg at dei utanlandske styrkane er meir vant til å øve i store militære område. Her skal dei øve i eit aktivt sivilsamfunn, og det må dei ta omsyn til.

For dei norske styrkane er dette trening på ta imot allierte styrkar i Norge, trening på vertslandsstøtte og samvirke på tvers av ulike etatar, militære og sivile.

2018-10-02.jpg

Bildet over viser tidsskjemaet for øvinga. Fase 1 og 3, transportperiodane er viktigaste treningsområdet for dei norske styrkane og for NATO. Fase 2 er kampfasen, og den er nok viktigast for deltakarane.

2018-10-02 14.40.39.jpg

Medvirkande aktørar

2018-10-02 15.05.20_690x387.jpg

Ovafor ser du kva som kjem til Rindal i dei avsluttande kampdagane.

2018-10-02 14.46.36.jpg

Oppgavene til HV-11

Det foregår stor aktivitet i bygdene rundt oss også. Ein stor leir i Sunndal og ein i Meldal er under etablering, så passerer du dei bygdene, vil du etter kvart merke det etter vegane. Over 3500 mann skal slå leir i Meldal.

2018-10-02 14.53.55_690x423.jpg

2018-10-02 14.54.27_690x408.jpg

Slaget om Rindal står mellom amerikanske og kanadiske styrkar som har hatt kampar lengre nord og trekkjer seg tilbake via Meldal. Antalet soldatar kan vere frå 500 til 5000 mann! Dei møter styrkar frå Nederland som går i land i Hemne og dreg mot Rindal med beltekjørety – så langt dei kjem seg. Dei avsluttande kampane høres ut til å skal foregå på nordsida av dalen.

Dette kjem ikkje til å gå stille for seg! Både helikopter og store tanks på 50-60 tonn skal delta. Ingen veit akkurat kva som vil skje, men 7. november vil ein eller annan sjef seie stopp, og tilbaketrekkinga startar.

Det vart uttrykt frykt for at enkelte allierte må feire norsk jul.

Dette er det viktigaste som skjer for det norske forsvaret nokonsinne og svært kostbart. For samfunnet elles vil det ha ringverknader. Det er ikkje leigebilar å oppdrive sør for Rana i øvingsdagane, trudde Moen, og butikkar og bensinstasjonar vil heilt klart merke auka omsetning.

Sidan ei så stor øving også har negative sider, var miljøvernoffiser Ove Andersen til stades og orienterte om førebyggande tiltak og skadebehandling. Det er lagt ned eit stort arbeid med å lage så gode kart som muleg der forbudte område og sårbare område av ulikt slag er markert.

- Det er mange vogntog med kart, sa han, for alle soldatane skal ha sitt eige kart i sekken sin.

Område som skulle vore merka men har falt ut, kan bli merka fysisk med skilt i terrenget.

2018-10-02 15.43.04.jpg

Skadebehandling etter øvingar har forsvaret god erfaring med. Det viktigaste er at skadane blir dokumentert – gjerne med bilde – så snart dei er avdekka. Det kan jo hende skadar ikkje kjem fram før til vårs etter at snøen forsvinn, men det brukar å ordne seg greitt for dei aller fleste.

Vegvesenet var også opptatt av skadane, men også av dei trafikkale utfordringane under heile øvinga. Trafikkantane må respektere kolonnane og ikkje kjøre forbi før dei får signal. Transport kan ta lengre tid enn normalt, men det skal ikkje bli vegstengingar meir enn i korte periodar.

For oss sivile ligg det ei viss spenning kva vegane og bruene våre vil tole. Vi har jo sett i tidlegare øvingar at tunge kjørety har kryssa elver ved sida av brua.

2018-10-02 16.10.19.jpg
Her ser vi skilt som vi kan møte etter vegane under øvinga.

2018-10-02 16.10.33.jpg

Trafikkinfo vil du heile tida finne på www.vegvesen.no/trafikk.

IMGP6774.JPG

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)ved Ingunn Moholt fortalte om totalforsvaret, ei revitalisering av den gjensidige støtta til forsvaret og det sivile samfunnet.

På spørsmål frå salen om mobilnett og nødnett ville klare trafikken, var ho litt usikker på om mobilnett og internett ville klare seg, men teleoperatørane ville følge nøye med. Dei kan sette ut mobile einingar. Nødnettet tåler meir. Interferense mellom ulike radiosignal er noko som kan skje, men ein er merksam på problemet.

Politiet vi ha auka bemanning. Det vil vere fleire både Up og lokale patruljer ute. Det er viktig for trafikkflyten og for tryggleiken elles.

Forsvaret har ingen intensjon om å avgrense informasjon om øvinga.

Meir info finn du på forsvaret.no/øvelse, Facebook og i andre media.