Øvre Surnadal
Skytingens dag
Etter ein fenomenal 17. mai i Øvre Surnadal, kom det eit tjuetals skyttarar til Skytingens dag på Ellingmyra skytebane den 18. Skyttarlaget stilte med instruktørar, gevær og servering. Og både aspirantar og litt eldre aspirantar skaut veldig bra! Ein riktig triveleg dag vart det. I sær for Målfrid Ranheim, som vann etter omskyting med Åshild Moen.