Søndag 5. juli
Skrøyfa-historie på museet
Fiskebåten «Skrøyfa» vart bygd i Bøfjorden i 1915. Søndagens tema på sjøbruksmuseet handlar om den legendariske skuta.
Museet ligg 20 meter unna byggeplassen. Her er Skrøyfa-utstyr og frodig historikk om båten frå bygginga, via ramsalte turar i storm og stille, til ho fann si grav i Nordsjøen på 1960-talet.
Like legendarisk som skuta var også skipper Kristian Sandvik. Både han, «Bøfjords Rederi» og mannskapet elles får fyldig omtale under avsnittet «Profilar til sjøs».
Skrøyfa som sildesnurpar etter krigen.
Mannskap på Skrøyfa i 1920-åra.
Skrøyfa under bygging ved Skrøvsetskjeret vinteren 1914-15.
Innsendt av Bernt G Bøe