Preike ved Lene Gåsvatn 2. februar
Skriftlærde i kritikarkorpset
Fire typer folk spelar si rolle i det som er preiketekst med helga, jfr. Markus 2. Skriftlærde er det nok av, der dei ikkje har anna fore enn å kritisere det gode som skjer. Jesus er noko til kar som både kan helbrede og tilgje synd. Den lamme som blir fira ned frå hol i taket er ganske hjelpeslaus før ting skjer. Og dei fire venene som står for bæring og firing er kreative så det blir råd med alt. Kva kunne vore rolla vår oppi dette? Preika ligg ved og kveilar seg kring spørsmålet.
Preike 02.02.14 Mark 2,1-12.
Noen dager senere kom Jesus igjen til Kapernaum, og det ble kjent at han var hjemme. Det samlet seg så mange at de ikke fikk plass, ikke engang utenfor døren.
Mens han forkynte Ordet for dem, kom de til ham med en som var lam. Det var fire mann som bar ham. Men de kunne ikke komme fram til ham på grunn av trengselen. Derfor brøt de opp taket over stedet der han var, laget en åpning og firte ned båren som den lamme lå på.
Da Jesus så deres tro, sa han til den lamme: «Sønn, syndene dine er tilgitt.»
Nå satt det noen skriftlærde der, og de tenkte med seg selv: «Hvordan kan han si slikt? Han spotter Gud! Hvem andre kan tilgi synder enn én – det er Gud?»
Straks visste Jesus i sin ånd at de tenkte slik, og han sa til dem: «Hvorfor går dere med slike tanker i hjertet?
Hva er lettest å si til den lamme: ‘Syndene dine er tilgitt’ eller: ‘Stå opp, ta båren din og gå’?
Men for at dere skal vite at Menneskesønnen har makt på jorden til å tilgi synder» – og nå vender han seg til den lamme –«Jeg sier deg: Stå opp, ta båren din og gå hjem!» Og mannen reiste seg, tok straks båren og gikk ut rett for øynene på dem, så alle ble ute av seg av undring. De priste Gud og sa: «Noe slikt har vi aldri sett.»
Jesus har makt til å tilgje synder. Men kven har mot til å få dei tilgitt? Kven har mot til å spørje om hjelp til dette me ikkje får til sjølv?
Det skal godt gjerast å ha mot. Me vet då det, me som helst ikkje vil ha hjelp med noko. Det kan vera det er sunt for oss å samanlikne oss med einkvan i denne forteljinga.
Kven skal me samanlikne oss med?
Skal roller delast ut her, er eg ganske sikker på at dei fleste vil vera ein av dei som bèr og firer. Det er akkurat passe drastisk, akkurat passe vågalt og utfordrande. Og langt meir hjelpsomt enn normalt. Skikkelege vener ordnar opp for dei som er hjelpeslause. Skikkelege vener står det respekt av.
Eg veit med meg sjølv at eg ikkje hadde lyst til å vera han som ligg på båra. Eg vil meine det må kjenast ganske utrygt å liggja slik, overgitt til vener vilje og bestemmelse.
Eg har ikkje lyst til å Jesus-rolla heller. Sjølv om Jesus kjem veldig godt ut av det her, - han får både tilgitt synder, helbreda og sett stoppar for kritikken til dei skriftlærde.
Kvifor ikkje vera Jesus, - om ikkje fordi me veit litt om kva det kostar han å vera noko til kar og Gud på same tida. For hvis Jesus tilgjev synder, kvar blir dei då av? Dei forsvinn i alle fall ikkje av seg sjølv. Dei forsvinn fordi Jesus tilgjev, fordi Jesus tek seg av dei fordi han har uendeleg stor kvote for den slags. For sjølve har me jo fylt opp kvoten vår for lengst - .
Den einaste gruppa som ikkje trengst her, er dei skriftlærde. Dei som føler seg truga av Jesus og hans måte å vera på, og som reagerer og agerer deretter.
Dei skriftlærde føler seg trua, og dermed blir det også reint uspiselege. Skal dei fyrst koma med eitkvart, så blir det kritikk og surmuling.
Skal dei skriftlærde vera gode for noko, må det vera at dei kritiserer så til de grader at Jesus blir reint stor i forhold. Kritikken er urimeleg og ubetimeleg, og dermed ser me òg meir av Jesu gode vilje og velvilje.
Me vil helst ikkje samanlikne oss med dei skriftlærde, nokon av oss. Me vil nå ikkje vera blant dei som står på sidelinja og kritiserer? Me vil då ikkje vera blant dei som fortel at ting skjer på feil måte og i feil rekkefylgje??!
Me skal ikkje vera så mykje ute blant folk eller for oss sjølve på facebook, før me ser at det er ganske mange skriftlærde blant oss. Så skriftlærde og beleste er dei som regel ikkje, men dei har gjerne fått med seg eitkvart som er til å kritisere i kyrkja eller blant kristne.
Så blir det til at kristenfolket havnar i ein vond skvis. Når folk flest syns det sjølvsagt må vera fritt fram for alle å krevja opne hus og opne armar i kyrkja for alt som no blir definert som ekteskapsinngåelsar – korleis er det då å vera den eine som strittar i mot og seier nei?
Når folk flest syns at navnefest og dåp må gå ut på det same og vera like fint og høgtideleg – korleis er det då å koma med at dåpen står i særstilling som nådemiddel?
Når folk flest vil meine at Lofoten og yttersida Senja er skapt for oljeindustri – korleis er det då å forfekte ansvaret me har fått for å forvalte ressursane og naturen til det beste og mest langsiktige?
Det å stå opp for verdiane har alltid kosta. Og dess meir sprikande verdisynet er i samfunnet, dess meir media har innflytelse på kva me tenkjer og meiner, dess vanskelegare blir det å stå opp for verdiane me har fått, verdiane som peiker lengre enn til vår eigen nase og bankkonto, verdiane som varar for alltid.
Skriftlærde som har lese seg opp på folkemeininga og farisearar som elskar å klandre anderledes-meinande for både intoleranse og trong synsvinkel … me har dei blant oss så lenge det finst folk. Bygdedyret finst så lenge det finst folk her.
Skal me slutte å stå opp for det me meiner er rett av den grunn? Nei, - desto meir skal me halde fram dei gode verdiane, verdien av å ta vare på både kvarandre og jorda me trør på, verdien av å kunne søkje kyrkja både når me føler me treng det og ikkje, verdien av å ha visse moralreglar som ein type beskyttelse både for familien og dei veikaste blant oss.
Må me bli helbreda for å sjå det? Må me samanlikne oss med den lamme som ligg på båra, den lamme som blir frakta opp på taket, den lamme som blir fira ned framfor føtene til Jesus, den lamme som ikkje lengre er lam når kroppen er helbreda og syndene tilgjevne.
Det kan vera me må ta rolla til den lamme før me ser kor stor velsignelse det ligg i å få byrja på nytt, starte opp att på bar bakke. Så får me overlata til Jesus å gjera det han kan: Reise opp på føtene att og forkynne tilgjeving.
Deretter kan me gå inn i hjelparane si rolle, - vera ein av dei i Rindalssamfunnet som syner handlekraft og gjev hjelp til dei som – bokstaveleg talt – måtte liggja nede på ein eller annan måte.
Dei skriftlærde får ta seg av kvarandre utan vår innblanding. Det er mange nok i samfunnet som hindrar dei gode initiativ som det er – dei treng ikkje oss i flokken.