Skoleval og debatt
Onsdag var det skoledebatt på Surnadal vidaregåande skole. Sju parti var representert, og heile skolen var samla i kantina under debatten.17 år gamle Guro Brøske Nordvik og Morgan Bøe meinte det var ein frisk og god debatt.
- Før debatten var eg usikker på kva eg skulle stemme. Men no vart eg heilt sikker, seier Guro som skal stemme for første gong i år. Ho blir 18 år i desember. Morgan må nøye seg med å berre stemme ved skolevalet, for han blir ikkje myndig før neste år.
Verken Guro eller Morgan er spesielt politisk engasjert, men begge likte godt å vere tilhøyrarar under skoledebatten onsdag - Det var artig å høyre på ungdomspolitikarane i panelet, og diskusjonen var til tider skikkeleg frisk, seier Guro og Morgan som er samstemt som kva saker dei legg mest vekt på i valkampen - Det er heilt klart vegane i distriktet. Dei er altfor dårlege. I tillegg er det viktig med større krav til lærarutdanninga. Karaktersnittet for å kome inn på lærarhøgskolen må bli høgare. Det finst alt for mange ufaglærte i skolen, som igjen fører til dårlegare undervisning.
Det unge kjærasteparet tvilar på at politikarane klarer å halde alle lovnadene dei serverer i valkampen, men oppfordrar alle, og spesielt førstegongsveljarar, om å bruke stemmeretten sin. - Alle som veit kva parti dei ønskjer å stemme på, bør så absolutt gå til valurnene 9.september. Men om ein ikkje har peiling, så er det kanskje like greitt å halde opp slik at stemma ikkje går til "feil" parti, seier Nordvik og Bøe som begge håpar og trur på eit regjeringsskifte i haust.
Følgjande parti var representert på skoledebatten: Ap, SV, Sp, KrF, H, V og FrP
Det er skoleval på Surnadal vidaregåande skole onsdag og torsdag denne veka. Alle dei 320 elevane på skolen får stemme ved skolevalet. På bildet ser vi valnemnda på skolen, som består av elevar på programfaget "Politikk og menneskerettar".
Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside www.surnadal.vgs.no