Skogbruk

Surnadal kommune er den største skogbrukskommunen i Møre og Romsdal fylke. Vi har ei aktiv skogbruksnæring i kommunen.

Innan skogbruk arbeider vi bl.a med:
- Saksbehandling etter skogbrukslova.
- Planlegging og godkjenning av landbruksvegar.
- Planlegging, administrasjon og godkjenning av skogkulturarbeidet i kommunen.
- Tilskotts- og skogfondsforvaltning knytt til skogsvegar, skogkultur m.m.
- Generell rettleiing til skogeigarane i kommunen.

Frå 1.februar 2010 til 1.februar 2011 vil det meste av skog- og viltforvaltningsarbeidet i Surnadal kommune bli utført av selskapet Skogkompaniet AS. Surnadal kommune har skrive avtale med Skogkompaniet AS for å få utført naudsynte tenester knytt til disse områda.

Kontaktpersonar hos Skogkompaniet AS vil være:
Ivar Egil Gjøra tlf. 473 44 619 ieg@skog-kompaniet.no.
Kristen Bruset tlf. 950 60 568 kb@skog-kompaniet.no.
Ein kan ta kontakt direkte med ein av disse viss ein ønskjer å ta opp skogfaglege spørsmål. Elles vil ein av disse være til stades på kommunehuset, eining næring og utvikling kvar fredag.

Spørsmål omkring viltforvaltning vil bli ivareteke av Ivar Egil Gjøra.
Her kan ein også ta kontakt med leiar i viltnemnda Ragnar Halle, tlf. 986 57 743.
Elles vil eining næring og utvikling svare på eller vidareformidle eventuelle spørsmål eller gjeremål den einskilde måtte ha omkring disse fagområda.

Skogbrukssjef er Tore Gjul 71 65 58 55 71 65 58 51 (fax).

Tal for skogbruket i Surnadal:
Totalt skogareal: 620.000 daa.
Produktivt skogareal: 235.000 daa.
Ståande volum i alt: 1.210.000 m3.
Balansekvantum: 35.000 m3.
Årleg tilvekst: 50.000 m3.
Årleg avverkning: ca. 15.000 m.
Årleg planteareal: ca. 200 daa.
Rydding/etterarbeid: ca. 1.000 daa.
Antall skogeigedomar: 664 stk.
Skogsvegar bil/traktor: ca. 430 km.

Klikk her og sjå fakta og regler for bruk av skogfond.

Klikk her og sjå tilskott innan skogbruket i 2009.

Skogbruk 2
Skogbruk i Surnadal.
Skogbruk 1
Skogbruk i Surnadal