Skogbrann i Todalen
Natt til fredag antente eit lynnedslag i Kvennsetlia i Todalen skogbotnen og laga ein mindre skogbrann. Brannen vart meldt rundt kl 00.30 og brannmannskap vart kalla ut både frå brannlaget i Todalen og full utrykning frå hovudbrannstasjonen i Surnadal. Dette melder todalen.no.
Brannstaden var vanskeleg tilgjengeleg, men det lokale brannvernet tok seg fram med ATV så langt dei kom etter traktorvegen oppover lia og fortsette til fots, slik at dei fikk lokalisert brannstaden og starta slokkearbeidet. Enno ein gong fekk vi sjå at det er gull verdt å ha lokalt brannvesen som både er nær og som er lokalkjente i området, skriver todalen.no.
I 2-tida kom det melding om husbrann i Bøverdalen, og da måtte brannvesenet omgruppere mannskapet.
Foto: Jon Olav Ørsal/todalen.no.