Skjærtorsdagspreika
Mål og meining kan det vera vanskeleg å finne - særleg i det vonde som måtte skje. Jesus hadde det ikkje meir enn slik passeleg den siste påska han levde. Men like fullt går han målretta inn i både liding og død, soning og forsoning. Meininga var oss og frelsa vår. Preika frå Rindal Eldresenter er som fylgjer.
Kva preika i kveld angår, er det meininga me skal laga den sjølv mens me er samla rundt kveldsmatbordet i Kapellet frå kl. 19.30. Hjarteleg velkommen til å dele og meddele!
Preike Eldresenteret Skjærtorsdag.
Da tiden var inne, tok Jesus plass ved bordet sammen med apostlene. Og han sa til dem: «Jeg har lengtet inderlig etter å spise dette påskemåltidet med dere før jeg skal lide. For jeg sier dere: Aldri mer skal jeg spise påskemåltidet før det er blitt fullendt i Guds rike.»
Så tok han et beger, ba takkebønnen og sa: «Ta dette og del det mellom dere. For jeg sier dere: Fra nå av skal jeg aldri mer drikke av vintreets frukt før Guds rike er kommet.»
Så tok han et brød, takket og brøt det, ga dem og sa: «Dette er min kropp, som gis for dere. Gjør dette til minne om meg.» På samme måte tok han begeret etter måltidet og sa: «Dette begeret er den nye pakt i mitt blod, som blir utøst for dere.
Men se: Han som forråder meg, har hånden her på bordet sammen med meg. For Menneskesønnen går bort, slik det er bestemt. Men ve det mennesket som forråder ham!» Da begynte de å trette om hvem av dem det kunne være som skulle gjøre dette. Luk 22,14-23
Mål og meining. Dette ordparet skal eg spinne andakten rundt. Kva er mål og meining? Finst det mål og meining? For ikkje å snakke om: Kva er målet – slik i bestemt form eintal? Kva er meininga – slik i bestemt form eintal?
Målet er tydeleg nok der Jesus fèr. Han ventar til tida er inne – så skjer det: Det blir siste bordsetning mellom Meister og dei som så gjerne skulle vore vener.
Han har lengta inderleg undervegs. Eg forstår det ikkje – kva er meininga? Der har han samla disiplane sine rundt deg, tillit og lojalitet er tynnslitt om ikkje aldeles øydelagt, einsemd og gudsforlattheit, pine og død ligg føre.
No er Jesus midt oppi det som skjer – han veit at det skjer og snur ikkje. I staden lengtar han inderleg etter å halde måltid. Lengtar inderleg etter å gje, yte og bli utgytt til soning for alle folk sine mange synder.
Målet er ikkje døden – ei heller oppstandelsen. Målet er oss. Ikkje mindre enn oss, her me er samla i Rindal Eldresenter Skjærtorsdag 2012. Me òg er målet for alt Jesus begir seg ut på av offerrolle.
Forskjellen er berre dette at når alt står på spel, er det slutt på teateret. Det er ordentleg, ekte, reality: Jesus er påskelammet i eigen person. For han som er offeret, finst det ikkje nokon rolle å gå inn og ut av. Han er lammet som skal ofrast ein gong for alle.
Kroppen er tydeleg nok i det som skjer når det skjer: Brødet er kropp. Vinen er blod. Det blir brote og helt opp, ete og drukke.
Gjer dette, seier Jesus. Dette er kroppen min. Dette er blodet mitt. Gjer det, ta det og et det til minne om meg.
Kva er meininga – kva er vitsen med å ta til seg av ord og tru, brød og vin, soning og forsoning?
Ja, det blir bydd oss. Ja, det er til frelse. Ja, me får alt me treng i liv og død frå han som er frelsaren vår – han som gjev alt for at me skal få alt.
Målet er tydeleg nok: Jesus gjer det for oss. Me blir hans mål. Så kan me spørje oss sjølve om Jesus på tilsvarande måte er vårt mål? Er Jesus og livet i lag med han målet vårt – då har me også fått ei meining:
Me lever ikkje lengre for oss sjølve, men for han som døydde og stod opp att for å vera i lag med oss for alltid. Mykje av det som blir presentert for oss som målretta og meiningsfylt kan så vera – inntil ei grense. Jesus byr oss eit evig mål hos seg – eg ville tru det er tilstrekkjeleg meiningsfylt til at me skulle ta det, bruke det og leva det. Signa påskehelg!!