Held fram i "FRILUFTSLIVETS ÅR 2015:
Skitur til Ranesnebba
O`Herlege vinter! Stor sjarm med å gå opp eigne skispor i " Guds frie natur"...., og så sunt! Enn å vere velsigna med skiterreng like utafor stuedøra, som her i Surnadal! Brage og eg fekk atter oppleve ein fantastisk skitur i djup og rein puddersnø opp til Ranesnebba, 20. jan. i år. Så stille at vi kunne høyre eigne hjarteslag. Frå toppen vakkert utsyn over fjell, fjorden og bygda. Mot nord ragar majestetiske Hjelmen.
Bilete frå turen:
Brage i Skeismarka
Til Ranesnebba
Brage på Ranesnebba
Anne på Ranesnebba
Foto og tekst: Anne Vognild Einum
Her kan du lese om overnattinga i snøhole, Trollheimsporten 16. januar.