![Picasa Picasa](https://img7.custompublish.com/getfile.php/2290250.1537.bcfqpcsbyp/690x0/5209387_2290250.jpg)
Skitur i maisnø
Trollheimsporten har avslutta meldingane om skiløyper og føreforhold, men skal vi dømme etter bilda frå denne skituren ved fylkesgrensa i Vålåskaret, så er det fortsatt muligheter for skiturar. Føret var nesten perfekt, men snart må du nok høgare opp for å ta ein skitur.
Tre av turdeltakarane er norskdanskar og bur i Danmark, og dei måtte ha med seg denne fine skituren, medan dei fleste kosa seg i sommarvarmen i låglandet.
Send tekst og bilde frå turopplevingane til redaktor@trollheimsporten.no og del dei du også!
Foto: Kjellaug Foseide og Magnus Foseide Henriksen.
Klikk på bilda nedafor og så dei større og som bildeserie!