- men «skal» bli frisk til festkonserten for Henning
Sjukdomsforfall frå Rotmo på Kleiva
Hans Rotmo har meldt sjukdomsforfall til fredagens Kleivakveld under Vårsøghelga. – Men eg er på bedringens veg og har god tru på at eg skal bli friskmeldt til søndag, slik at eg kan bli med på festkvelden for Henning, seier Rotmo frå sjukesenga. Gerd Ingrid Kvendset i Vårsøghelga lovar likevel ein flott og innhaldsrik Kleivakveld, og har til og med ei overrasking på lur…
Rotmo vart innlagt på sjukehus i førre veke med blodforgifting, som følgje av ecoli-smitte. Sidan har han vore til behandling og er altså på bedringens veg. Sannsynlegvis er han difor på plass på scena under den avsluttande festkonserten søndag, i samband med Henning Sommerro sin 60-årsdag.
Dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset er lei seg for at Rotmo ikkje kan kome på Kleiva. – Først og fremst er det likevel godt å høyre at Hans snart er på føtene att etter ein hard kur, og sjølv om vi sjølvsagt skulle hatt han med oss på Kleiva, er vi glade for at han etter alt å døme blir med på «Henning – så langt!». Sjukdom er det vanskeleg å gardere seg mot, men slik det ser ut no er i alle fall resten av artistane våre friske og raske, og klare til å gi oss ei fantastisk Vårsøghelg, seier Kvendset.
Ho gler seg stort til kulturhelga, og ikkje minst til Kleivakvelden: – Publikum kan, i god Kleivakveld-tradisjon, berre gle seg til å få sjå og høyre mange artistar og ulike uttrykk, med hovudartisten Rita Eriksens trio i spissen for ei rekkje kvalitetsartistar. Eg gler meg til dømes til å få høyre den kritikarroste islandske artisten Fabula, som kjem til Kleiva med jazzinspirert visepop, seier Kvendset og ramsar frå programmet opp Sigrid Bøe, Henning og John Pål, dansaren Tavita, 27 fiolinistar frå kulturskulen, Julius Shutu, dikt og prisar – og altså ei overrasking!
– Med Rotmo sitt forfall ville vi prøve å finne på noko lite ekstra, og i siste liten har vi fått på plass eit besøk av ein som vi veit vil vere eit kjært og artig gjensyn for mange, seier Kvendset som oppmodar folk til å vere tidleg ute fredag: – Med sol og vårsøg i lufta ventar vi godt med folk på Kleiva, og det er alltid lurt å vere tidleg ute for å sikre seg dei beste plassane.