Header

The Brørs:

Sjarmerande Pappapop

The Brørs, med Sigurd Brørs og band, presenterte den nye skiva "Pappapop" i Surnadal Kulturhus laurdag. Gjennom låtene Sigurd presenterte fekk både  vi høyre om korleis det var å skulle bli og å væra småbarnspappa. Knall band og Sigurd i storform gav dei rundt 70 frammøtte ein artig konsert.

Den vel ein timas konserten gav oss alt i frå ballader til punkrock, og bandet lèt knallgodt og tekstene som Sigurd Brørs hadde skrive om papparollen sin sat som eit skudd! Derfor var det litt synd at så få hadde teke turen til Storstua denne kvelden. Sigurd fortalde at idèen plata vart til då han og sambuar Guri vart gravide med vesle Runaug. Vidare fortalte han korleis det var å få ein "narkoman" i hus i songen "Puppoholikar", for det å væra avhenging av pupp er slett ikkje berre berre! Han ønska seg òg ein ekstra time i døgnet i songen "25 timar pr dag" slik at han kunne få tid til å gjere ferdig plata, og "Pappablues" om korleis det er å føla seg litt til overs, når det såg ut som dottera var mest interessert i mor.  Godbitane kom som perlar på snor, og i salen var det "feel-good" stemning med allsong på tittelsporet "Pappapop", som kan seiast å væra høgdepunktet på konserten, kanskje saman med balladen "Takk kjære mamma", ein hyllest til sambuar og mødre generelt. Alt i alt ein feiande flott og artig konsert som anbefalast på det varmaste! Imorgon spelar dei i Trondheim, som er siste konserten i "mini-sleppfestturnèen"

Blåsere.JPG
Blåserekken! Emil Emilson Holmesland og Martin Vognild Einum.

Familien Brørs.JPG
Familen Brørs etter konserten

Runaug signerar.JPG
Tidleg krøkast som god krok skal bli! Runaug signerar plater!

Sigurd.JPG
Sigurd Brørs og trommeslagar Oddbjørn Sponås.

Bandet.jpg
Bandet.Frå venstre: Brage Kristian Einum, Sigurd Brørs, Oddbjørn Sponås og Jørgen Wassvik

 

Les førehandsomtale av konserten her