Øvre Rindal kapell
Siste kyrkjegardsdugnad
Mai er tid for kyrkjegardsdugnader, og sist ute var Øvre Rindal kapell. Her ligg snøen lengst, men i kveld var dei siste snøflekkane borte og eit tjuetalls øverbygdingar var oppmøtte for å gjere kyrkjegarden fin til nasjonaldagen.
Heile kyrkjegarden blei raka og rydda og mange gravsteinar som hadde blitt litt skeive i løpet av vinteren vart retta opp.
Mykje lauv og gamle røter vart fjerna
Ein fin dugnadskveld
Ingen dugnad utan avslutning med kaffe og noe å bite i.