
Siste dagar for Doktorgarden
Den gamle Doktorgarden er klargjort for riving. Foto: Norunn Holten
Det er eit gammelt hus som no forsvinn. Murane vart reist i 1919, så det var ferdigbygd kring 1920. Huset har fått namnet sitt etter tida da det var doktorkontor og doktorbustad der. Det har likevel også husa mange andre verksemder. Både skulekontoret og PP-tenesta har hatt tilhald der, og det har vore bustad for privatpersonar. Av dei siste som har hatt kontor der, er Slektsforum for indre Nordmøre. Doktorgarden skal rivast ved hjelp av maskinell kraft. På førehand er som sagt glasa tatt ut; dei skal nemleg gjenbrukast. Etter rivinga skal området omarbeidast til parkeringsplass, på same plan som den til gammelbanken. Sjølv om rivinga av bygget skjer no, vil ikkje området bli ferdigstilt før til neste år.
Doktorgarden står heilt inntil kommunehuset på Skei.