StartVertikal_6948

NM i randonee på Kårvatn:

Sindre Hoff frå start til mål

Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.

Tekst og foto: Jon Olav Ørsal, todalen.no

På andreplass i herreklassen kom Glenn Tore Løland som var 1.26 etter og på tredjeplass kom Håkon Klerud Johannessen som var 3.46 etter Hoff. I dameklassen kopierte Malene B. Haukøy gårdagens bedrift og kom i mål på 42.03, heile 16.05 framfor Siri Bente Haugen som vart nummer to.  I juniorklassen var Sondre Andersson Svensli  9.27 framfor Lars Osland Øygard. På tredjeplass kom 12-åringen Knut Osland Øygard på 1.05 som nok er ein god prestasjon! Totalt var de 24 deltakarar på søndag.


Resultatliste finn du her

Sjå fleire av dei flotte bileta på todalen.no: NM randonee - i bilder
 

Start2Vertikal_6964_690x462.jpg
På tur opp Hallsetreita – litt spreiing i feltet har det vorte sia starten. 
 

Herrepallen_Vertikal_7014_690x485.jpg
Vertikal herrer – Sindre Hoff på toppen, flankert av Glenn T. Løland og Håkon K. Johannessen. 
 

Juniorpallen_Vertikal_7029_690x474.jpg
Juniorpallen, med Sondre Andersson Svensli på toppen. På andre plass lars Osland Øygard og på tredje har vi 12-åringen Knut Osland Øygard.
 

TD_Bartnes_Renneleiar_Bruset_7032_690x450.jpg
Martin Bartnes var Skiforbundets mann under begge renna i Todalen. Her takkar han rennleiar Nils Ove Bruset for eit godt gjennomført arrangement.