IMGP2791

Sildballfestivalen

Lørdag går den femte Sildballfestivalen av stabelen i Rindal. Frå kl.13:00 til 16:00 er det sildballbuffé i Rindalshuset, og folk frå både Rindal og nabobygdene kan få seg eit skikkeleg sildballmåltid. Var det 1500 ball som vart seld ifjor? Det blir trivelegare å eta når det er mange i lag og ein kan få servert gode historier attåt.

Sildballgeneral Oddbjørn Heggem oppfordrer alle til å samle seg rundt sidballbordet i Rindalshuset om ettermiddagen, "men dokk må ittj gløm tå fæsten om kvelden med kappetinga," seier han til Trollheimsporten! !

Lørdag kveld klokka 21:00 er det "sildballdans" med bandet Hovin Oldstars og Lars Landsem som stemningsskaparar. Da blir det servet steikt sildball.

Fredag kveld foregår den lukka kåringa av årets beste sildballkokar. Juryen som skal blindsmake og kåre beste kokaren består av ein representant frå eldrerådet, ein frå ungdomsrådet og 3 frå folket. Vinnaren blir kunngjort på festen.

Eit anna høgdepunkt denne kvelden blir kappetinga av sildball. Etter litt treig påmelding, er det no klart med påmeldte, så det blir konkurranse. Det er sikkert ikkje for seint å melde seg på! (tlf.: 41205362)

I konkurransen gjeld det å ete 600 g sildball på kortast muleg tid. "Da er det dumt å tøgg," sa Oddbjørn Heggen (t.h.) til NRK Møre og Romsdal, "og du må vere matløst og like sildball!" "Viss det bli jamt, så blir det ikkje ekstraomgangar," la han til.

Det er berre karar som har meldt seg på. Dersom det melder seg minst to kvinnfolk, så blir det kvinneklasse, og dei slepp med 400 g, så spring og ring 41205362!

Les også om sildballfestivalen på sidene til IK RIndals-Troll!