eirik vang aas region-sølv på landevei ingr foto Lorents Ola Aarsvold

Siktar mot juniorlandslaget

For ei veke sidan var sykkeltalentet Eirik Vang Aas (17) frå Kvanne i Surnadal med på å ta NM-sølv for juniorar på lagtempo. No ser han fram til nye ritt, med klare mål både på kort og lang sikt.

 

Førre veke gjorde landets beste juniorsyklistar opp om edelt metall i Vestby. På startstreken stod mellom anna førsteårsjunior og kvennagarding Eirik Vang Aas.

Vang Aas representerer Gauldal Sykkelklubb, og tysdag 25. juni var det klart for 30 kilometer lagtempo.

Der sykla Eirik saman med Kristoffer Ringen og Tomas Sundlisæter, men då Ringen allereie etter fem kilometer mista ryggen til dei to lagkameratane, såg det tøft ut.

– Vi køyrte på frå start, men i og med at Kristoffer datt av så tidleg, måtte Tomas og eg sykle duo nesten heile løpet. Det gjorde at vi berre fekk 30 sekund mellom føringane, og nesten ikkje pause, fortel Vang Aas, som ikkje hadde tru på topplassering då dei kom i mål.

– Følelsen med ein gong vi kom i mål var at det hadde gått dårleg sidan vi berre var to, men samtidig ga vi jo absolutt alt vi hadde. Eg vart både glad og letta då vi fekk høyre at det vart NM-sølv av det, seier 17-åringen.

Til slutt sykla Gauldal i mål på 49.58. Det var 1.16 bak gullvinnarane, Lillehammer CK, og 15 sekund betre enn bronsevinnarane Ringerike SK 1.
 

Trivst på toppidrettslinja

Til dagleg er han elev ved Melhus Videregående skole, der han går Toppidrett Sykkel. Det trivst han veldig godt med.

– Ja, opplegget er bra, og miljøet er veldig godt. I tillegg er det ganske mange sterke talent der, så ein blir utfordra heile tida.

Nettopp toppidrettslinja er bakgrunnen for at han representerer Gauldal og ikkje Trollheimen.

– Gauldal ville ha meg, og sidan det ikkje er så mange juniorar i Trollheimen Sykkelklubb vart det i grunn ei lett avgjerd å melde overgang, seier Vang Aas.

Han fortel at han og hadde høge ambisjonar i det individuelle landevegsrittet under junior-NM, men at det dessverre ikkje gjekk heilt etter planen.

– Eg hadde håp om topp 15, kanskje topp 10, men så øydela eg sykkelen på første runde. Då eg fekk ny køyrte eg meg opp til feltet igjen, seier han, og fortsett:

– Då vart eg påkøyrt bakfrå slik at den sykkelen og rauk, og då hadde vi ikkje fleire reservesyklar. Dermed måtte eg bryte, så det var surt.

På den individuelle tempoen hadde sykkeltalentet frå Surnadal ein tung dag, og klarte dermed ikkje å kjempe i toppen.
 

Klar for ti rittdagar på rad

Eirik legg ikkje skjul på at han har høge ambisjonar for den vidare sykkelkarrieren sin.

– Målet er å komme seg inn på juniorlandslaget neste år, og etter kvart komme med på eit kontinentallag. Så har eg jo sjølvsagt lyst til å komme meg inn på eit profflag seinare, seier han.

For å nå desse måla trenar Vang Aas hardt og mykje.

– No under sesong blir det litt mindre, med korte turar mellom ritta. Men om vinteren og våren blir det fort 20 timar sykling for veka.

Onsdag reiser 17-åringen til Hallingdal for å sykle Norgescup, nærare bestemt Uno-X Tour te Fjells.

Juniorsyklistane startar rittet med bakketempo torsdag. Der skal dei stige 259 høgdemeter i løpet av 5,5 kilometer, før det ventar tre etappar på henhaldsvis 88,3, 91,1 og 73,8 kilometer.

Dei to første er av den tøffe og kuperte sorten, medan fjerde- og siste etappe avsluttar flatt etter ei lang utforkøyring.

Allereie dagen etter Tour te Fjells står Vang Aas på startstreken i eit nytt ritt, denne gong eit seksdagarsritt i Sverige.

– Etter sisteetappen i Tour te Fjells er det berre å slenge seg i bilen og køyre rett til Sverige, så det blir ti rittdagar på rad, seier Eirik, som går for topp 10-plasseringar samanlagt i begge ritta.

– Samtidig er det snakk om ganske store ritt, og eg er førsteårs junior, men ein må sikte høgt. Neste år går eg for pallplassar, seier han.
 

Best i bakkane

På spørsmål om kva som er styrkane hans som syklist, svarar Eirik at han er ein allrounder.

– Eg trivst godt i bakkane, og vil helst komme åleine til mål, for eg har ikkje nokon særleg god spurt. Det er kanskje ein av svakheitene mine, så det er berre bra om det går mest muleg oppover, seier han.

Når det gjeld forbilder er Edvald Boasson Hagen det første namnet Eirik nemner.

– Det er lett å seie Edvald, sidan han er ein så triveleg kar og. Men det er eigentleg ein kjenning av meg, Odin Rømuld, som inspirerte meg til å satse på sykling.

Årets store mål for Eirik Vang Aas er, i tillegg til dei to ritta han skal sykle no, to Norgescupritt seinare i sesongen.

I tillegg har han vorte utteken til å representere Region Midt-Norge i Morgendagens Helter-rittet under Arctic Race of Norway i august.

– Det er ganske stas, og naturleg nok det store målet i haust, seier Eirik.

Ingressfoto: Bilete frå bruddet då Eirik sykla inn til region-sølv på fellesstart. Eirik er nummer to frå venstre, og heilt til venstre er kompisen Tomas Sundlisæter, som han tok NM-sølv på lagtempo saman med (Foto: Lorents Ola Aarsvold).

eirik vang aas junior-nm-sølv på lagtempo foto Roger Nesshaug.jpg
Eirik Vang Aas (nummer tre frå venstre) og resten av medaljevinnarane på lagtempoen i junior-NM på sykkel (Foto: Roger Nesshaug)

eirik vang aas junior-nm-sølv på lagtempo 2 foto Roger Nesshaug.jpg
Eirik Vang Aas i aksjon (Foto: Roger Nesshaug).