Seniorkamp på Rinnvollen:
Siger til Rindal!
Tysdag kveld var det duka for A-kamp på Rinnvollen og Rindals motstandarar var Frøya. Dette var ein kamp som skulle vore spelt tidligare, men den gongen greide ikkje Frøya å stille lag.
Etter ein litt oppjaga start med store sjansar til begge lag, tok Rindal meir og meir over, og etter eit kvarters spel, fekk Roy Bolme eit nydeleg gjennomspel frå Brage Storholt. Bolme gjorde ingen feil og sette ballen kontrollert i mål. 1-0!
Rindal fortsette å trykka på uten at dei heilt store sjansane blei produsert. Og bakover verka det som heimelaget hadde kontroll på det meste som bortelaget bydde på, men fleire mål vart det ikkje og kampen gjekk til pause med 1-0 leiing til heimelaget.
I starten av andre omgang verka det som om heimelaget tok foten av gasspedalen litt og Frøya kom meir inn i spelet, men uten å skape noko nevneverdige farlegheiter framom heimelagets mål. Men spenninga i kampen heldt seg og det var nok mange av dei rundt 60 tilskoderane som dro eit lettelses sukk då Roy Bolme,etter 10 minutt ut i andre omgangen, fekk nettkjenning for andre gong for kvelden. Det skjedde etter at Anders Løfald hadde ført ballen oppover banen og fekk lirka den gjennom forsvarsrekka til Frøya og fram til Bolme, som elegant runda målvakta og sette den inn. Pipeblåsaren skal forøvrig ha ros for å benytta fordelsparagrafen i den situasjonen, då Anders Løfald vart stygt takla i det han sendte ballen gjennom til Bolme, men dommaren valgte å la spelet gå.
Etter dette blei det mest stillingskrig på midtbane og det blei slått lange baller frå begge lag. Frøya skapte nesten ingenting framom heimelagets mål, medan heimelaget hadde fleire gode sjansar til å auke leiinga.
Men fleire mål blei det ikkje, denne litt haustmørke kvelden og heimelaget kunne innkassera ein fortent siger og 3 viktige poeng!
Laget: Anders Grytbakk, Sondre Aune,Robert Jonli, Steinar B. Heggset, Jørgen Gjerstad, Harald F. Røen, Brage Storholt, Anders Løfald, Stian Bolme, Jo Trønsdal Bævre og Roy Bolme.
Innbyttarar: Vegard Karlstrøm, Daniel Hagen, Jostein Landsem og Aksel Norli.
Måltjuv Roy Bolme leverte nok eingong varene! Scora begge målene i den sterke 2-0 sigeren over Frøya.