hans polden og Øystein Seter_550x418

"Si ifra"- kampanje frå Statens vegvesen

Ungdom mellom 16-24 år er i følgje Statens vegvesen den mest ulykkesutsatte gruppa i trafikken. Kampanjen "Si ifra" settes i verk for å redusere talet på skadde og drepte ungdommer i bil. Denne veka er kampanjen på Surnadal vidaregåande skole.

Kampanjen er i regi av Statens vegvesen og politiet, men elevane har ein aktiv rolle rundt omkring på skolane. - Seks elevar frå Surnadal vidaregåande skole har delteke på opplæring i forkant, der vi la særleg vekt på kommunikasjon med medelevar. Det er viktig for å få fram bodskapet i kampanjen vår, seier Ingeborg Sørvik i Statens vegvesen.

"Si ifra" er ein vidareføring av kampanjen "Avbestill trafikkulykken" som var på skoleturnè for nokre år sidan. - Vi har utvikla kampanjen, og teke med det beste frå "Avbestill trafikkulykken" og teke det med i utviklinga av "Si ifra". Dette er den tredje skolen vi besøkjer, og vi opplever at responsen er god, seier Sørvik.

Tysdag fekk kampanjen besøk av politibetjent Tor Hansen frå Surnadal og Rindal lensmannskontor og brannmann Per Egil Fiske. - Det er viktig å gjere nødetatane synlege for ungdommen, og kanskje særleg når det gjeld politiet. Vi vil vise at politiet spelar på lag med ungdommen, og ikkje det motsette som mange kanskje trur, seier Sørvik.

Nils Arne Røen og Øystein Seter er to av elevane som har fått opplæring i kampanjen:

hans polden og Øystein Seter_550x418.jpg

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

si ifra surnadal vgs_550x404.jpg