Sesongopning på sjøbruksmuseet
Bøfjorden Sjøbruksmuseum startar sommarsesongen komande søndag. Kjøkenet serverer middag (sodd) og kaffe. Christen Settemsdal er dagens kåsør.
Olav Torvik dokumenterte Nordmøre i foto.
Dagens tema er «Smakebitar frå biletsamlinga til bygdafotografen Olav Torvik». Eigar av samlinga, grandnevøen Christen Settemsdal, presenterer kjente og ukjente bilete i sitt fotokåseri.
Olav Torvik var ein aktiv og dyktig fotograf som dokumenterte mykje av samfunnslivet på Nordmøre i første del av 1900-talet. Programmet gir gjensyn med MRF-rutebåtane, verksemder og arbeid i bygdene, trafikk, folkeliv og grendesamfunn i endring.
Museet er ope heile ettermiddagen frå kl. 13 til 17. Dagens tema er som vanleg kl. 15.
Christen Settemsdal har teke vare på fotosamlinga etter gammelonkel Olav Torvik.
Frå Torvik-samlingane: Skei i Surnadal rundt 1950.
Frå Torviksamlingane: DS «Hankø» og andre rutebåtar var motiv på postkort.
Frå Torvik-samlingane: Hamnes-båten til gravferd i Stangvik 1952.
Innsendt av Bernt G. Bøe