Sesongopning på Bøfjorden Sjøbruksmuseum
Bøfjorden Sjøbruksmuseum opnar med middag, musikk og fotball-tema komande søndag. Det er dag 3 av årets Bøfjordhelg. Tema for dagen er «Ballsprett på Leikarvollen». Biletkåseriet gir gjensyn med gamle fotballbragder heilt frå «Makkolaget» sine dagar rundt 1950 - via opp og nedturar fram til årets sesong, da Bøfjord igjen er med i serien. Programmet markerer eit lite 40-årsjubileum for Leikarvollen stadion, som vart bygd i 1973.
Historielaget viser bilete frå over 60 år med fotball i Bøfjorden. Mange vil kjenne att profilar frå fotballbanen – også frå tida før laget fekk sjøleigande grasbane. Glimt frå gamle Leikarvollen finst også. Men folk i bygda blir oppfordra til å leite opp det som måtte finnast av fotballbilete frå riktig gamle dagar! Artige historier blir det garantert også.
Det var ønske frå Bøfjordhelg-komiteen som skuva fram starten av årets sommarsesong på museet. Difor er det middag og kaffe og få også på siste dagen av den store helga – som varer «tre heile dagar til ende».
Musikkgruppa «Hjemmelaget» - no også med vokalisten Kari Synnøve Morset – sørgjer for taffelmusikk av beste merke. Her kan ein altså kose seg med variert program og nok å bite i heile dagen.
Programmet er samordna med kyrkjetrim langs Åsskardfjorden og roing med «Hjelmkonnå» i høve sommargudstenesta i Åsskard kyrkje. Her samarbeider både sokneråd, idrettslag og historielag.
«Hjemmelaget» er populære gjestar i Bøfjorden. Frå venstre Espen Wilhelmsen, Tony Hopen, Peder Hønsvik, Alexey Kurbanov, Venke Fredriksen, Åsta Andreassen og Arild Fiske.