Sesongavslutning i strålande vær
Stavgangarane avslutta haustsesongen på Vang i dag. Veret gjorde sitt til at det vart ei fin oppleving, i tillegg til at det som alltid er godt å treffast. Vi gjekk ut til utsiktspunktet og såg utover fjorden mot Neslandet og Vågbøen.
Enno ein gong fekk vi sjå kor fint det er på Nordmøre!.
På skisenteret fekk vi komme inn og eta matpakkene våre, før vi vart premierte i form av graut og bakels.
Stor takk til idrettslaget for lånet av huset! Heretter no blir det innahyses trim på Landbrukssenteret, slik at vi er i god form til ny stavgang til våren!
Kristian Ranes
Foto: Wenche Østenby Kvendset