Senterungdommens Vårslepp
"Langreist mat er som eit one night stand, du veit aldri kva du får og konsekvensane kan bli langvarige", fortel Surnadal Senterungdom i ei pressemelding frå helgas Vårslepp.
F.v. Ingrid Waagen, Lilly Viktoria Mo Sandberg, Sondre Ormset, Marit Henriette Mo Sandberg og Oddrun Flostrand Skei.
Fleire frå Surnadal Senterungdom har i helga vore på Senterungdommens Vårslepp saman med 130 andre engasjerte ungdommar frå heile landet. Vi har hatt tre dagar med mykje ny lærdom, gode innlegg og heftige diskusjonar. Vi har hatt flere innleiarar plukka frå øverste hylle, Terje Riis-Johansen, Thorvald Stoltenberg, Ole Gunnar Fidjestøl, Anne-Beate Tvinnereim og Geir Lippestad. Dei har alle fått frem fleire viktige poeng som har fått oss til å reflektere over blant anna verdigrunnlaget vårt.
Vi har vorte utfordra på det kreative med politisk ideverkstad, vore ute av komfortsona med teater sport og utforska Sundvollen med politisk natursti.
Dei fem deltakarane frå Surnadal Senterungdom, Oddrun Flostrand Skei, Lilly Viktoria Mo Sandberg, Ingrid Waagen, Sondre Ormset og Marit Henriette Mo Sandberg, er alle samde om at det bare vore ei utruleg bra helg med nye venar og meir eit brennande engasjement!