Surnadal Senterungdom på landsmøtet 2014

Surnadal Senterungdom melder:

Senterungdommens landsmøte

I helga heldt Senterungdomen sitt 65. landsmøte på Sørmarka i Akershus. Surnadal Senterungdom hadde fem representantar, noko som er utruleg bra. Delegatane hadde sendt inn gode innspel til politikk og resolusjonar i samråd med mellom anna Trondheim senterstud og fylkeslaget.


Delegatene var oppe på talarstolen og framsnakka den politikken dei brenn for. På landsmøtet blei det behandla mange gode sakar, og det var val av nytt sentralstyre. Erling Emil Laugsand frå Averøya vart attvald som leiar. Surnadal Senterungdom er veldig fornøgd med at leiaren fekk fornya tillit. 


Elles vart det vedteke skulepolitisk og jordbrukspolitisk program. Ein delegat frå Surnadal fekk inn eit kapittel i jordbrukspolitisk program om å redusere matsvinn - stygge poteter er like gode som fine poteter! Når det kjem til det skulepolitiske programmet, vedtok Senterungdomen at me vil ha 3 i inntakskrav for lærarutdanning, både på grunn av at det er sluttresultatet etter enda utdanning som gjeld, og at det vil bli stor mangel på lærarar i framtida. Senterungdomen i Møre og Romsdal vil ha ny og betre politikk på tannhelse, og fekk landsmøtet til å vedta at me skal førebyggje, i staden for å reparere tennene våre, og at me skal få tannhelse inn under eigenandelordninga. Tannhelsa vår skal ikkje vere avhengig av kor mykje pengar ein har. Surnadal Senterungdom er fornøgde med årets landsmøte og ser fram til å kjempe for den nye politikken.