
Seniorsurfdagen 2011
Skype er ein gratis videotelefoneringsteneste på internett. Tekniske problem hører med. I første omgang rakk ikkje "skypinga" lenger enn frå ende til ende på langbordet. Etter kvart fekk vi og minst like god kontakt med ein rindaling som er busett i England. Der fekk vi sjå både ut i hagen og litt inne i huset. Fleire hadde alt bruka Skype til å halde kontakt med barnebarna sine, og saman kom dei fram til at Skype må vere nyttig også for næringslivet. Under ein videosamtale på Skype kan ein vise fram både dokument, teikningar og produkt til kunden, samtidig som ein satt"ansikt til ansikt"!
Det var Rindal Dataklubb som stod bak arrangementet Seniorsurfdagen 2011 i Rindal. Seniorsurfdagen er et nasjonalt arrangement med 497 møteplassar rundt om i landet denne dagen.
Rindal Dataklubb er saman kvar mandag frå kl.13:00 til 14:30 og deler kunnskap med kvarandre. Det er ikkje datakurs, og det er ingen aldersgrense korkje nedover eller oppover. Kvar enkelt får hjelp med problema sine, og alle lærer av alle! Vi har ingen ekspertar. Terskelen for å vere med skal vere låg, så du treng ikkje kunne nokon ting for å møte opp! Mandag er du med!
Klikk på bilda nedafor og se de større og i serie!