hommelvik oversikt

Seier mot tabelljumbo

Søndag fekk heimelaget Rindal besøk av tabelljumbo Hommelvik. Kampen blei spelt på Rinnvollen, og til tross for at vi skriv 1.oktober, så var grasmatta i utmerket stand. Dette var nest siste kampen for sesongen og fortsatt spel i divisjonen neste år kunne sikrast med seier.

Kampen var 2 minutter gamal då Rindal fekk sin første sjanse. Ballen ble spelt igjennom av Roy Bolme, men åleine gjennom fekk ikkje Brage Storholt sett ballen i nota.

Berre minuttet seinare kunne Hommelvik ha teke leiinga, men ein god sisteskanse, Anders Grytbakk,i Rindal`s mål avverga forsøket.

Rindal verka å ha god kontroll på hendingane i første omgangen, og det var fortent då heimelaget sette 1-0. Ballen blei spelt opp frå midtbanen og med eit lurt overhopp av Roy Bolme, så var Harald F.Røen igjennom og kunne setta, via keeperen, ballen i mål.

Heimelaget hadde fleire gode muligheiter, mellom anna eit skot i tverrliggaren av Roy Bolme. Men fleire mål blei det ikkje i 1. omgang.

Andre omgang starta med eit lite overtak til heimelaget, men Hommelvik hang mykje betre med og det virka farlegare framfor Rindals mål. Hommelvik kunne godt ha utlikna på ein av fleire sjansar dei spelte seg til i starten av omgangen, men lukkast ikkje. Spelet bølga fram og tilbake, men etter ca 70 minutters spel, fekk Roy Bolme eit framifrå gjennomspel av Steinar Heggset, og åleine med keeper gjorde Bolme ingen feil. 2-0! Det såg ut til å bli ein grei seier.

Men like etterpå fekk Hommelvik si redusering, riktignok med ein eim av offside, men dommaren godkjente målet. 2-1!

Etter dette blei det stillingskrig, og ingen av laga makta å produsera noko særleg framom motstandarens mål. Men i det 85. speleminutt fekk Rindal straffe etter at midstoppar Steinar Heggset vart felt innanfor 16-meteren. Roy Bolme gjorde seg klar til å ta straffen, men sette ballen til sides for målet. Uvanleg for stor-scoraren..

Fleire mål blei det ikkje og 2-1 seieren var eit faktum. Dermed kan Rindal belaga seg på spel i 5.divisjon også neste år!

Hommelvik corner.JPG
Anders Løfald var saman med ein hardarbeidande Harald F. Røen heimelagets beste denne kampen.

Rindals lag: Anders Grytbakk, Steinar Heggset, Henrik Folden, Robert Jonli, Anders Løfald, Harald F. Røen, Stian Bolme, Jørgen Gjerstad, Jo Trønsdal Bævre, Brage Storholt og Roy Bolme

Benytta innbyttarar: Vegard Karlstrøm, Håkon S. Mikkelsen, Daniel H. Eide og Steinar Møller.