4H Møre og Romsdal melder:
Satsar på vekst i 4H-gardane
4H-gard i vekst skal løfte arbeidet med besøksgardar på Vestlandet. Det er 4H Rogaland, 4H Hordaland, 4H Sogn og Fjordane og 4H Møre og Romsdal som står bak prosjektet, saman med 4H-gard Norge.
Kristin Haanshuus er prosjektleiar for forprosjektet til 4H-gard i vekst. (foto Linda Slåtten)
Kristin Haanshuus (28) har nyleg teke til som prosjektleiar i forprosjektet til 4H-gard i vekst.
– Spanande!
Haanshuus er opphavleg frå landsbygda i Sør-Trøndelag, og bur no i Florø i Sogn og Fjordane. Ho har mastergrad i Naturbasert reiseliv frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.
– I feltarbeidet til masteroppgåva var intervju av gardbrukarar sentralt, det er det også i forprosjektet til 4H-gard i vekst, fortel den unge prosjektleiaren. Ho held fram:
– Gjennom utdanninga og arbeidserfaring etterpå fekk eg også god trening i prosjektarbeid, og det kjem godt med no.
Oppgåva med å førebu hovudprosjektet i løpet av eit halvt år er i gang for fullt:
– Dette er spanande! Og ikkje minst utfordrande og lærerikt, fortel Haanshuus.
Kunnskap om primærnæringane
4H-gardane er opne gardsanlegg som tar imot born, unge og vaksne til pedagogisk tilrettelagte besøk. Hovudmålet er å vise fram kva som skjer på ein gard med både planter og dyr.
– 4H-gardane er ein arena for å auke kunnskapen om primærnæringane hos born, unge og vaksne, fortel prosjektleiaren, og held fram:
– Den vil også bidra til i å auke sjansen for rekruttering til næringa. Ein 4H-gard vil på sitt vis synleggjere verdiane til 4H og forhåpentlegvis forankre desse i nærmiljøet, avsluttar ho.
4H-gard i vekst
På Vestlandet finst det i dag ni 4H-gardar, og dei har gode besøkstal og mange spanande tilbod. På landsbasis er det over 40 4H-gardar. Målet med prosjektet er fleire gardar og breiare tilbod på dei gardane ein har allereie. Erfaringane frå forprosjektet vil ein ta med vidare i hovudprosjektet, som vil gå over tre år.
Tekst: Linda Slåtten
Bildet over: Kjekt på hesteryggen! Riding er ein av mange aktivitetar ein kan oppleve på ein 4H-gard. (foto 4H Sogn og Fjordane)