Samling om primstaven
Olsokdagen vart markert med samling om primstaven på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. Ei engasjert forsamling røpa at interessa for merkedagar og tradisjon er levande.
Ragnhild Skrøvset (t.v.) og Gyda Stolsmo med primstav laga av lærar Jon J. Sættem. Kirsten Baadnæs Bøe (bak) var fascinert av tradisjonsstoffet som kom fram på olsokdagen.
Med bilete på lerretet vart det ei kulturvandring året rundt. Mykje var kjent stoff, noko vart aha-oppleving. Er nyårssaluttane gjenlyd av Tor med hammaren Mjolne? Var svikaren Judas fødd 1. april, slik at det vart narredagen? Ønskjer vi dei verkeleg til heksesabbaten på fjellet Brocken natt til St. Valborgsdagen 1. mai (Walpurgisnacht) når vi bed nokon «dra til Blokksberg»?
Helgentru og folkeliv
Religiøse skikkar, mest frå katolsk tid, er blanda med overtru og folketradisjon og tillagt nytt meiningsinnhald - noko både primstav og ordtak vitnar om. Særleg har vi ein flora av skikkar og ordtak knytt til minnedagane for ulike helgenar.
«Tjuand-Knut jaga jula ut» - han var hertug Knut. «Grøsmess-dagen» 12. mars er til ære for pave Gregor den store (han med kyrkjeleg messeordning og gregoriansk song). Blir du da narra «gregg», må du legge deg før dei andre den kvelden!
Kyndelsmess 2. februar – da alterlysa (candles) skulle vigslast - har ein sterk tradisjon i Rindalen. I 124 år på rad (!) har bygda no arrangert Kyndelmessbasar! Neste år blir det jubileum!
Frå den 124. årvisse Kyndelsmessbasaren i Rindal: Kjellaug Foseide har god omsetning på åresalget! (Foto: Ole Trygve Foseide/Trollheimsporten)
«Tri gong dengt»
Påska er full av tradisjonar. Dramaet skjærtorsdag gjorde at ein (i alle fall i Bøfjorden) ikkje måtte spinne på nokon torsdagskveld. Ei som «brydde seg katten om dette», fekk ei dramatisk påminning!
Også i vår tid ser vi på TV frå Sør-Europa at folk piskar seg til blods for å markere Jesu liding langfredag. Todalen hadde sin variant i gamle dagar – da skulle ungane ha berre «ein gong mat - og tri gong dengt»!
Jonsok – «jensuku» eller jonsvaka – har sia 1982 hatt sin eigen, gjeninnførte tradisjon med kultursamling og kyrkjekonsert i Åsskard.
Desse var med og song under årets Jonsvaka i Åsskard: Kristian Settem, Gunnvald Bøe, Borghild Talgø og Per Arne Hyldbakk.
Olsokdagen markert
Søndagen var olsokdag. Ein poengterte difor at mellomalderkyrkja i Stangvik hadde skulptur av St. Olav. Det hyppige personnamnet Ola og St. Olavsnasin og Olavsbrynnen på Ålvundeidet vitnar om helgenkongen sin posisjon i distriktet.
Pilegrimsvegen frå Vinjeøra om Lomunddalen til Nidaros var kanskje ukjend for somme. Det seiest at skulestua som stod på Halgunset til 1896, først var eit «sælehus» (herberge) der pilegrimar kunne overnatte. Og kanskje var husfrøya Gyrid frå Åkvika i 1303 blant desse?
Sitat og kommentarar
Tradisjonar knytte til «skjækkelfallsdagen» 3. juni, «Knut med ljåen» 10. juli, «Mari Vassause» 20. juli, «hunddagane» i juli-august og «mikeli» 29. september utløyste gode kommentarar frå salen. Bidragsytarar var m.a. Ragnhild Stavne Bolme, Ann Ingeborg Grimsmo og Jon Storløkken.
Sistnemnte siterte bestefar sin, frå Oppdal: «Vet du hva snøen sa når han snakket? Mikeli e mi ti’, enten e kjøre enn e ri’. Kjæm it e da, kjæm e hælgamessdag, å da kjæm e både me påssa å me stav.»
Kunnskapsrike bidragsytarar frå Rindal: Ragnhild Stavne Bolme (t.v.) og Ann Ingeborg Grimsmo.
Jon Storløkken sisterte bestefarens regle om snøen.
6. desember er minnedag for biskopen frå 300-talet, St. Nicolas, som gav namn og eigenskapar til «jule-nissen». Om om ikkje før, så må snøen koma lille julaftan – sjursmessdagen, heiter det frå Bøfjorden: «I helgamesstida, da sjer du’n oppi liå. Å sjursmessda’n, da kjem’n ni garden».
Men det er det enno lenge til, etter gradestokken å dømme!
Bernt G. Bøe
Skal tru om ikkje dette er Smisetnebba med St. Olavsnasen?
Er det framleis Tor med hammaren som slår gneistar og smellar under nyårsfeiringa på Heggem i Bøfjorden?
Snøregle etter Arna Skrøvset Sætherø i Bøfjorden.