Logo%20M&R_jpg

Samling for nye unge bønder

Møre og Romsdal Bondelag gjentek suksessen frå tidlegare år og inviterer på nytt til samling for nye unge bønder. Årets samling vert halde på Alexandra Hotell i Molde fredag 31. januar og laurdag 1. februar.
 

Samlinga har som målsetjing å gje nye unge bønder ein god start i yrket og aktuell kunnskap om næringa. Det blir særleg sett fokus på saker og oppgåver som bør vera aktuelle for nye unge bønder. Programmet vil fokusere m.a. på utfordringar for nye/unge bønder, aktuelle næringspolitiske saker og tema knytt til gardsdrift, mekanisering, økonomi, bygningsplanlegging. Medlemar i Bondelaget under 35 år har gratis kurs og opphald. Påmelding snarast til Møre og Romsdal Bondelag.