Same arbeidsplass i 42 år

Siste dag i april var meir vemodig enn det ser ut til for Ola Børset i Rindal Sparebank. I personalmappa hans står det at han vart tilsett som assistent i banken 1. mai 1977, og der vart han verande i ulike funksjonar fram til han no går av med pensjon.

Ola Børset IMGP0455-001_690x460.jpg


Etter gymnaset på Tingvoll tok Ola Børset handelsskolen, og etter ein tur innom Comfort Surnadal, vart det Rindal Sparebank som vart arbeidsplassen hans.

Børseten
Ola bur på Austigard Børset i lag med kona Laila, og han har vore «kornbonde på si,» som han seier. No har dotra Bodil flytta heim med familien sin og teke over garden. Det er godt at det er liv i den store støggulånna!

No gler Ola seg til å kunne disponere dagen friare. Det ligg mange oppgåver framom han med hus på heimgarden og seter som treng ettersyn, sjølv om ansvaret no er overført til neste generasjon.

- Eg ser ikkje bort frå at eg stikk innom 10-kaffe’n på YX etter kvart, smiler han, og han har alt fått oversikt over planane til turstigruppa. Både han og kona kjem sikkert til å bli med der.

Ola «Bank»
I Rindal Sparebank starta Ola Børset som assistent i kassa med Magne Ranheim som næraste ledar og Kolbjørn Ålbu som banksjef. Magne Bjørnstad, som er banksjef i dag, er 4. banksjefen Ola har hatt. Han minnes også flyttinga frå det som i dag er sørlege delen av Kommunehus II i Rindal til nybygget vegg i vegg. Det var kort og grei flytting. At somme kallar han for Ola Bank, fortel noko om lojaliteten hans til arbeidsplassen.

Frå Bybussen til skya
Gjennom desse 42 åra har det vore store endringar i bankvesenet, og det har vore mange kurs opp gjennom åra ved sida av jobben. Ola hugsar at banken sendte papirremser med Bybussen til Trondheim der eit firma tok seg av punchinga til holkort. Så kom datamaskiner i ulike versjonar og program, fram til at ein no jobbar mot serverar i datasentralar i Oslo og København.

På privatmarknaden opplevde Ola stor privat bustadbygging den tida han hadde ansvar for husbankkonvertering på slutten av 70-talet. I 1978 – 79 vart det bygd 18 hus i Rindal!

IMGP0457-001_690x461.jpg

Ola Børset med roser både framom og bakom!

Kolleger om Ola:
Anne: Bankens muntrasjonsråd!
Grethe: Godt humør og gode kommentarar frå kontornabo!
Arnhild: Ola er ein kjernekar!

IMGP0459_690x459.jpg

I dag var det blautkake på lunsjrommet for Ola Børset.

Sigrun Bakken og Ola Børset IMGP0451-001_690x460.jpg

Informasjons- og kunnskapsutveksling mellom Ola Børset og Sigrun Bakken