Salmeskatt og kyrkjetonar i Stangvik

Konserten i Stangvik kyrkje tysdag kveld kl. 19.30 byr på korsong, orgelmusikk og allsong frå vår nye salmebok. Todalskoret, Åsskard Kyrkjekor og organistane Daniel Bjørlo og Oddveig H. Halle er hovudaktørar.

Kora syng musikk av bl.a.  Wennerberg, Beethoven og Mendelssohn og presenterer noko av skatten i vår nye salmebok. Her blir det rikeleg høve til allsong med forsamlinga. Organist Bernt G. Bøe leier kora og salmepresentasjonen.

Rindalsorganist Daniel Bjørlo framfører utdrag frå «Orgelsonate» av Gustav Merkel – eit av hans eksamensstykke ved NTNU denne våren. Oddveig Helset Halle, kantor i Surnadal, bidrar med bl.a. «Tomasklokkelåten» i Egil Hovlands flotte orgelversjon.

Sopranen Sigrid Vetleseter Bøe måtte melde forfall, men til gjengjeld stiller det ferske og friske Stangvik Jentekor. 

Salmeskatt a KOR a.jpg
Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor - smilande ambassadørar for salmeskatt og kyrkjemusikk. Frå venstre.

Salmeskatt b KOR b.jpg
Organist-pianist Bernt G. Bøe saman med kveldens koristar – frå venstre, Liv M. Polden, May E. Holten, John Moe, Einar Husby, Borghild Talgø, Ann-Magret Botten, Nora V. Bøe, Inger Garthe Øystein Moe og Kari Sæther. 

Salmeskatt f Bjørlo DANIEL og Helset Halle ODDVEIG.jpg
Daniel Bjørlo spelar musikk av tyske Gustav Merkel  (1827-1885). Surnadalskantor Oddveig H. Halle presenterer «Tomasklokkelåten» i Hovlands orgelarrangement.

Salmeskatt e JENTEKORET.jpg
Jentekoret i Stangvik starta i mars, men har alt gledd mange songvenner.