HJERTEBLAD c Txt_350x216

Laurdag 29. oktober kl. 18:00

Salmeskatt i Åsskard: HJERTEBLAD

Fløytisten Marthe Belsvik Stavrum kan meir enn å skape lekre triller på instrumentet sitt. Saman med gateprest og pianist Odd Halvor Moen og sopran Sigrid Vetleseter Bøe er ho komande helg på turne – med sjølvlaga salmetonar!

- Salmeboka er ein fantastisk skatt, seier den unge komponisten før konserten i Åsskard kyrkje laurdag kveld. – Salmane handlar om alle sider av livet, uttrykt av menneske med ulik bakgrunn, i ulike land og til ulike tider.

Til venstre: Fløytisten i sving under årets Jonsvaka i Åsskard kyrkje.


 

Konsertprosjektet ”Hjerteblad" består av eit dusin kjende og mindre kjende salmar – til tekster av eldre og nyare salmediktarar. Dei vart til ved Marthe Belsvik Stavrum si nysgjerrighet på dei litterære kvalitetane i Norsk Salmebok. Så komponerte ho nye tonar til desse tekstene - for både å forstå dei betre og formidle dei på nytt til andre. Det knyter seg spenning til korleis publikum vil oppleve “Her kommer, Jesus, dine små” (tittelen er derifrå) og “Lei, milde ljos” i ny musikalsk lyssetting!


 

- Kanskje tenkjer vi for lite på innhaldet i salmane når vi er i kyrkja, seier Selbu-jenta som no bur i Kristiansund. – Både eg og mange andre treng nok trøysta, livsvisdomen og håpet som ligg i dei tekstene eg har vald ut av denne utømmelege kjelda!


 

Marthe B. Stavrum er utdanna fløytist ved Musikkonservatoriet i Trondheim og har i seks år arbeidd ved Operaen i Kristiansund. Ho komponerer, underviser og er konsertmusikar. Fleire gonger har ho gledd publikum i Åsskard kyrkje.


Komponist og fløytist Marthe Belsvik Stavrum (midta) har med seg gateprest Odd Halvor Moen og Sigrid Bøe på salmeturneen komande helg.
 

Odd Halvor Moen er gateprest for Kirkens Bymisjon i Trondheim. Som musikar er han CD-kjend i gruppa “Vadested” og har samarbeidd med bl.a. Hanne Krogh. Han spelar fleire instrument og er endatil medlem av Den norske kyrkja sitt Salmebokutval.


 

Sigrid Elisabet Vetleseter Bøe frå Bøfjorden studerer song ved Musikkonservatoriet i Trondheim og har innimellom solistoppgåver med kor og orkester. Komande søndag er ho også sopransolist når Mozarts Kroningsmesse blir sendt som høgmesse i NRK P1.


 

- Konserten “Hjerteblad” vil passe for alle som har lira av seg ein salme utan å tenkje særleg over innhaldet, for nysgjerrige musikkinteresserte og for den som vil ta med seg gode tekster på vegen, seier dei tre som altså formidlar rik litteratur til nye tonar.


 

Konsertane i helga skjer i Selbu, Trondheim (Vår Frue), Surnadal (Åsskard kyrkje) og Kristiansund.

 

Etter laurdagens konsert i Åsskard blir det kaffestund i Kyrkjestua.

.................


Endatil gamle Luther er tonesett på nytt!
 


 

 

 

Konsertlogoen – teikna av komponisten.