Rusta for friluft?
Torsdag føremiddag fortsette tevlingane under Norges Bygdeungdomslag sitt landsstemne i steikande solskin, og i dag skulle bygdeungdommane mellom anna teste praktisk og teoretisk kunnskap innan friluftsliv og villmark.
Gjennom ei teoretisk prøve, førstehjelp, fluekasting og salongskyting skulle ein altså få ein indikator på kvar i terrenget ein befinn seg med friluftsevnene sine.
I teoridelen skulle 25 spørsmål besvarast innan 10 minutter.
På førstehjelpsposten møtte tevlarane ein bevisstlaus person med hovudskade, og blei testa på prosedyrekunnskapen i slike fall. - La du merke til at han var litt blå bak øyret, spør dommaren. - Eeeh, nei, må ein tevlar vedkjenne, og gikk dermed glipp av eit teikn på hjerneblødning. For om ein oppgjer teikn på hjerneblødning på telefon til ambulansepersonalet, sett dei på "storknappen", kunne dommaren fortelje.
Så gjekk turen til fluekast med fiskestong, og der var det om å gjere å finne teknikken, for det er litt av ein kunst! - Ta deg god tid, råda tilskuarane og dommaren, og etter kvart satt det!
Sist var posten for salongskyting der bygdeungdommane skulle skyte på blink. Handtering av våpenet var også vektlagt.