Surnadal kommunevåpen

Surnadal kommune presiserer:

Røykvarslarseljarane var Falck-tilsette

Surnadal kommune, ved brannsjef Tor Arne Moen fortalte måndag at dei hadde fått tilbakemeldingar frå fleire husstandar i bustadfeltet i Grytå, om at ein mann i 30-åra ringte på og bad om å få komme inn for å sjekke røykvarslarane deira.

Mannen hevda å vere utsendt frå kommunen, noko Moen presiserte at ikkje stemte. Samtidig tok han høgde for at det rett og slett kunne vere snakk om ein seljar, og det viser seg no å stemme.

Avdelingsleiar Glen Ørjan Kjersheim Johannessen ved Falck i Ålesund forteller at firmaet i helga har hatt fire politigodkjente sikkerheitskonsulentar på jobb i Surnadal.

– Vi har hatt eit prosjekt i Surnadal angåande ekstern røykvarsling, og enkelte har oppfatta det som at våre sikkerheitskonsulentar kom frå kommunen. Det stemmer ikkje. Vi har drive sal i heile kommunen, og har faktisk hatt folk på venteliste i bygda. Konsulentane har gått rundt og snakka med folk, både dei som allereie har bestilt systema våre og andre, for å få flest muleg med når vi køyrer i gong med fellesmontering av røykvarslingssystem.

– Vi snakkar med folk om brannsikkerheit generelt, og kva som er anbefalt av brannvesenet. Etter oppslaga tidlegare i dag har vi fått fleire tilbakemeldingar, og mange av dei går og på at folk fekk eit godt inntrykk av seljarane våre i helga.

Johannessen fortel at alle som jobbar i Falck må innfri strenge vandelskrav, og verte godkjent av politiet. 

– Eg skjønnar at folk kan bli skeptiske, for dei er ikkje vante til at folk jobbar slik, men det er slik vi må jobbe for å få med flest muleg kundar. Og skal vi kunne sette i gang med fellesmontering i Surnadal må vi ha mange bestillingar på plass. Dette er eit par fjør vart til 10 høns. Vi i Falck har vore best på kundebarometeret fem år på rad, og er opptekne av å bli oppfatta korrekt, seier han, og legg til:

– Det er jo kjedeleg dersom dette gjer at nokon får feil inntrykk og ombestemmer seg, slik at vi ikkje får sett i gang med fellesmontering i Surnadal. Vi driv ikkje med lureri, og dei fire som var på jobb i Surnadal i helga gjorde ein god jobb. Dersom folk har spørsmål er det berre å ringe meg, seier han.

Øyvind Svinvik frå Surnadal fortel at han har nøsta opp i denne saka, på vegne av far sin. Han har snakka direkte med ein av seljarane, og støttar Johannessen sin versjon fullt ut.

– Det er ingen tvil om at dette er heilt legitimt frå Falch. Kontraktene er ekte, det er ingen bindingstid, og seljaren var ein hyggeleg kar.