Rindalsjente blir nynorskjounalist
Idun Fivelstad frå Rindal er ein av dei ni studentane som er tekne opp i det nittande kullet til Nynorsk Mediesenter. Nynorsk avissenter i Firda og NRK Nynorsk mediesenter skal til saman lære opp ni nynorskpraktikantar til journalistar i løpet av det komande halvåret.
Idun Fivelstad har gjennomført mastergraden ved NTNU - humanistisk fakultet - instututt for nordistikk og litteraturvitenskap og kan kalle seg lektor.
Les alt om dette kurset for nynorskjournalistar her!
"Det e nå berre gøittj at dæm tykkje det e litt toille" er tittelen på masteroppgåva hennar, og her er det Trollheimsportens OleT som blar i oppgåva.
Denne sosiolingvistiske studien av talemålet til ungdom i Rindal vil du finne på Rindal Folkebibliotek i Rindalshuset.
Trollheimsporten skreiv dette om masteroppgaven hennar i vår.