Oppdatert med nytt bilde:

Rindal Pensjonistlag på tur

Onsdag 26. august drog 30 rindalingar ut på tur med Jan Atle Møkkelgård ved rattet. På Fannrem tok vi av mot Lensvika der vi såg statuen av Harald Grønningen. Vi tok ferga Valset- Brekstad. På Brekstad, sentrum i Ørland kommune, var det føremiddagsmat på Kysthotellet.

140.JPG
Vidt utsyn over Ørlandet.
 

Etter maten fekk vi med kjentmann med stor lokalkunnskap frå hotellet og køyrde rundt på Ørlandet, ut til Garten og til fergekaia mot Storfosna. Vi køyrde forbi  fint restaurerte gamle fiskarhus på Uthaug og så nær flystasjonen vi fekk komme. På Austrått var første stopp Austråttborgen, som er ein herregard kjent heilt frå 1000-talet. Fleire kjente adelege personar er knytt til herregarden, m.a. Fru Inger til Austrått og Ove Bjelke. Vi fekk ei interessant omvisning av flink og engasjert guide.

132.JPG
Austråttborgen var bygt for å imponere.

P1020987.Kopi JPG.JPG
Inne i storsalen, seinare kalla riddersalen, på Austråttborgen.

P1020984.Kopi JPG.JPG
I desse kistene ligg Ove Bjelke og hustruer. 


Austrått fort var neste stopp. Fortet vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta og stod ferdig i 1943. Kanonbatteriet består av eit av trippeltårna frå den tyske slagkryssaren «Gneisenau» og er det einaste som finst att i sitt slag i verda. Vi vart leidde opp gjennom dei 5 underjordiske etasjane i kanonen av guidar med førstehands kjennskap til konstuksjonen og historia. Murararbeidet var gjort av krigsfangar, og svært mange av dei døydde.

142.JPG
Austrått fort. Det som er synleg over bakken.

139.JPG
Mykje imponerande teknikk inne i kanonen.


Etter ein god middag på Kysthotellet tok vi farvel med Ørlandet og køyrde vidare innover Fosenhalvøya. Vi køyrde gjennom Bjugn og Rissa. I Rissa fekk vi kyndig orientering av Mary Ranheim som var med på turen. Vi tok ferga Rørvik-Flakk og køyrde over Byneset. Siste stopp var på Skjetlein v.g.s. der vi såg oss om ute. Dei som var kjent der frå før, såg store endringar. Så bar det heim att etter ein lang og innhaldsrik dag i fint sommarver.

148.JPG
Fin rosehage på Skjetlein v.g.s.


Tekst Ann Grimsmo. Foto Ann Grimsmo og Ragnhild Stavne Bolme.

 

Arnfinn Løfaldli har sendt oss dette bildet fra turen:

Guttorm Caspersen og Marit Bolme foto Arnfinn  L.jpg
Guttorm Caspersen og Marit Bolme


Guttorm Caspersen var oppvokst i Rindal, med en far som jobba på Rindal Meieri, og Marit Bolme var en samtidig skoleelev. Mange kjenner sikkert til søstra Berit som bor i Buhagen i Surnadal.

 

Tekst og foto (siste bilde): Arnfinn Løfaldli.