File name            	:DSCN0503.JPG File size            	:258.9KB(265140Bytes) Shoot date           	:2002/06/04 19:00:23 Picture size         	:1280 x 960 Resolution           	:72 x 72 dpi Number of bits       	:8bit/channel Protection attribute

Rindal Elvalag

Dette er informasjonssida til Rindal Elvalag.

denne sida kan du sjå Nytt frå Rindal Elvalag!

 

Rindal Elvalag

Rindal Elvalag hadde konstituerande møte på Bolme Pensjonat 14.april 1989.


 

19 interesserte møtte fram. Formann i Rindal Bondelag, Asbjørn Kjelås, orienterte om opplegget for møtet sidan initiativet kom frå Bondelaget.


 

Eit interimsstyre la fram forslag til namn og lover for laget. Det vart samrøystes vedteke at namnet skal vere Rindal Elvalag. Framlegget til lover vart også samrøystes vedteke.


 

Arne Tørset vart samrøystes valt som formann, og desse vart valt til styremedlemmer i det første styret:

Egil Børset, Jon Kristian Aune, Ole Trygve Foseide og Jon Olav Anshus.


 

 

Desse har vore ledarar i Rindal Elvalag:


 

Arne Tørset

1989 - 1990

Ola E. Børset

1991 - 1994

Stig Tørset

1995 - 1996

Jon Kristian Aune

1997 - 1999

Magne Løfaldli

2000

Torbjørn Amundsgård

2001 -

 

Sjå også surna.no for nyttig informasjon!
 

File name            	:DSCN0503.JPG File size            	:258.9KB(265140Bytes) Shoot date           	:2002/06/04 19:00:23 Picture size         	:1280 x 960 Resolution           	:72 x 72 dpi Number of bits       	:8bit/channel Protection attribute

Styret i Rindal Elvalag 2012 - 2013

Torbjørn Amundsgård, ledar - valgt 2012
Ole Geir Schanke, nestleder - valgt 2011
Ola G.Bjørnås, kasserar - valgt 2011  
Ole Trygve Foseide, sekretær - valgt 2012
Terje Børset, styremedlem valgt - 2012

 
Ole Geir Schanke, Terje Børset, Ola G.Bjørnås, Torbjørn Amundsgård og Ole Trygve Foseide.


 

LOVER FOR RINDAL ELVALAG

§ 1 Formål.

a. Laget skal arbeide verne og fremje laks- og sjøaurefisket i dei elvane som fører desse fiskeslaga i kommunen.


b. Laget skal også arbeide aktivt for tiltak som kan hindre flaumskader og elvabrot.


 

§ 2 Medlemskap.

AIle som eig fiskerett i elva og betaler årspenger er medlemmer i laget.


 

§ 3 Årsmøtet.

Årsmøtet skal velje:

1. Formann

2. 4 styremedlemmer

3. Varamenn etter nummerorden.

4. 2 revisorer.


 

Formann vert vald for 1 år. Alle andre val gjeld for 2 år.

Årsmøtet skal handsama årsmelding og regnskap og fastsette kontigenten.

Årsmøtet skal haldast før sesongstart.


Saker som medlemmene vil ta opp på årsmøtet, må meldast frå til styret innan 1.april.

Berre saker som er nemnt i innkallinga kan handsamast på årsmøtet.

På årsmøtet har kvart medlem ei stemme.

 

Årsmøtet skal kunngjerast i god tid ved skriftlig innkalling eller annonser i lokalpresse.


 

§ 4 Lovendringar.

Lovendringar kan gjerast av årsmøtet.

Framlegg til endringar må vera styret i hende innan 15. februar.

For å endre lovene krevs 2/3 flertal av dei frammøtte.


 

§ 5 Oppløysing.

Oppløysing av laget kan vedtakast med 2/3 flertal av årsmøtet etter at det har vore føreslege på føregående årsmøte.


Rindal 14. april 1989.                                                                               Sist endra i årsmøtet 29.april 2010

File name            	:DSCN0699.JPG File size            	:285.8KB(292622Bytes) Shoot date           	:2002/06/22 11:34:16 Picture size         	:1280 x 960 Resolution           	:72 x 72 dpi Number of bits       	:8bit/channel Protection attribute
Foto: OleT