Respekt for dyrelivet
Ein hytteeigar i Fossdalen i Rindal skriv til oss og fortel at han set stor pris på plassen. Der har han utsikt til ein spelplass for orrhanar. Ein kveld sat han og såg på 22 orrhanar i spell.
Plutseleg letta alle orrhanane samtidig.
- I kikkerten kunne eg sjå at grunnen var at nokon kom etter myra med kamera for å ta bilde av orrhanespelet, fortel han.
Det meiner han var heilt greit, men da må dei passe på så dei ikkje forstyrrar spelet. Det er muleg å kamuflere seg slik at fuglane ikkje blir forstyrra.
Meldaren kallar denne reaksjonen sin for ei utblåsing, men han ønsker at folk skal ha respekt for dyrelivet, og vi deler ønsket!
(Illustrasjonsfoto: Wenche Rennan)