Konfirmasjon i Rindal kirke
Rekylfrelse
Rekyl er fysikk-nemning for den krafta som slår attende når eit skot går av. Denne krafta kan nokon og einkvar av oss tilkortkomne foreldre og prestar føle på rett som det er: Vart det bra nok? Konfirmantane av -13 har fått såpass opplæring i kristen tru at det skulle halde. Men skal det bli til nytte og bli bra nok, må det under til. Då må Jesus opne forstanden på dei (og oss!) som han gjorde det med sine forvirra disiplar etter oppstoda. Kva så rekylfrelsa går ut på får de sjå i preika frå konfirmasjonsgudstenesta 25.mai, jfr preika nedafor (med bilde):
Da åpnet han deres forstand så de kunne forstå skriftene, og han sa til dem: «Slik står det skrevet: Messias skal lide og stå opp fra de døde tredje dag, og i hans navn skal omvendelse og tilgivelse for syndene forkynnes for alle folkeslag; dere skal begynne i Jerusalem. Dere er vitner om dette.
Luk 24,45-48
Eg reknar med at i alle fall alle foreldre veit kva me gjer når me møter oss sjølve i døra. Me kan gå høgt opp og meine mangt og mykje om det meste av haldningar og verdiar me vil oppdra borna våre med. Og så gjer me stikk imot sjølve.
Det kan handle om alt frå nettvanar til mosjon, pengebruk til høflegheit, ordenssans til alkoholbruk. Så kan då altids alle foreldre som har kome dårleg ut, håpe at borna steller seg betre: At dei ikkje let seg sluke av mobil og data som me gjer, at dei trimmer meir enn oss, at dei er meir høflege enn foreldra sine, at dei rydder meir enn oss og drikk mindre enn oss. Vil så borna gå meir i kyrkja enn foreldra sine, blir det for ein flott bonus å rekne. Ikkje sant??
I dag er det eg som møter meg sjølv i døra. Og eg veit det. Det er mesta så eg kjenner blåkulen veks i panna etter slaget frå døra som kjem i ein forrykande fart beint imot.
Eller som ein rekyl, som dette slaget som synest så skremmande for alle som syns at det å handsama eit luftgevær er meir enn vanskeleg nok. Ifølge diverse lovar innanfor fysikken, skal visst rekylen vera like sterk som krafta kula går ut med.
Kva er det så som er så vanskeleg? Det vanskelege er det som skal seiast når me skal be for den enkelte konfirmant.
Då står det i boka at eg skal seie som følger: Kjære konfirmanter. Til den kristne tro er dere døpt. I den kristne tro er dere opplært.
Der var det sagt. Men er det sant?? Ja, det er sant at alle konfirmantane er døypt. Alle står skrive med sirleg skrift og gamalt blekk i ei eller anna kyrkjebok. Men er de opplært i den kristne tru?
Når eg skal seie det, opplever eg det som ein rekyl som slår tilbake på meg – som ei dør eg får rett i ansiktet. For kva har de vel lært? I kor stor grad er de opplært i den kristne tru?
Eg har vore nødt til å sleppe taket sjølv delar av vinteren som ligg bak. Det har ikkje vore godt, og eg skulle så gjerne ungått å stille meg på sidelinja. Så er det mesta som husmornykkene slår til att: Duverden kor godt det går sjølv om ikkje eg har kontroll på alt!
Men er de opplært i den kristne tru? Ja, eg vil tru det. De er opplært i Fadervår og trusbekjennelse. De veit eitkvart om Jesus som er både til å leva og døy på. Dei fleste av dykk kjem fram og tek imot både brød og vin.
Men virkar det? Får kunnskapen gjera noko med dykk?? Dette er eit spørsmål som gneg både prestar og foreldre flest: Har det me gjorde vore godt nok? Har de fått nok ballast i kyrkjelyden og heime til at det held når de så skal ut i verda?
Foreldre vil så gjerne gjera alt: Me vil så gjerne vera den som er flink og får det til så me kan sjå oss tilfreds med barneoppdargelsen og vera stolt av borna våre. Og presten vil så gjerne gjera endå meir, - eg vil så gjerne at de skal ha opplæring i den kristentrua de vart døypte inn i!
No skal ikkje eg vera den type prest som går ut ifrå teksten for aldri meir å vende tilbake. No går me tilbake til disiplane, der dei går i lag med Jesus utan å kjenne han att. Så skjer det: Da åpnet han deres forstand så de kunne forstå Skriftene.
Foreldre og konfirmantlærar kan gje dykk av sitt beste av både verdiar og kunnskap om kristen tru. Men forstanden er det Jesus som må opne – slik at de ser og trur at Jesus er den karen han gjev seg ut for å vera. Han er Messias som leid og stod opp frå døden den tredje dagen. Det er i Jesu namn både omvendelse og tilgivelse for synd skal forkynnast for alle folkeslag.
Den rekylen og døra som smikkar til oss som føler på at me ikkje har gjort jobben vår godt nok, råkar oss hardt uansett om me er foreldre eller prest. Då er det godt å vita at det ikkje er opp til oss å opne ungdommens forstand – det må me overlata til Jesus sjølv å gjera.
Kva som gjer han kompetent som augeopnar? Med like stor kraft Jesus fòr til helvete for å få oss derifrå … med like stor kraft bèr han oss til himmels. For han var det ei katastrofe – for oss vart det til frelse. Så er det berre om-gjort me let Jesu opne augo våre så me ser det!
Da åpnet han deres forstand så de kunne forstå skriftene, og han sa til dem: «Slik står det skrevet: Messias skal lide og stå opp fra de døde tredje dag, og i hans navn skal omvendelse og tilgivelse for syndene forkynnes for alle folkeslag; dere skal begynne i Jerusalem. Dere er vitner om dette.
Konfirmantene 25.mai 2013
Oddrun Berdal
Romund Blakstad
Andreas Bævre
Vetle Storås Fosseide
Andreas Furuhaug
Hans Ole Røen Halle
Erlend Jonli
Sindre Elshaug Killingberg
Ole Gunnar Kirkholt
Nora Lillegård
Fredrik Myklegard
Andrea Norli
Ingeborg Rindalsholt
Torbjørn Syrstad
Ingrid Trønsdal