Inga Dalsegg og Nathan Lediard med Seymore og George

Rekordgraskar hausta på Honnstad

Rekordgraskar hausta på Honnstad

 

 

Felles løft for Halloween. Inga Dalsegg, Nathan Lediard_715x537.jpg

 

Dette sannsynlegvis største graskaret i Midt-Norge, vart i går, 7.okt., hausta inn av fotograf Nathan Lediard og kunstnar Inga Dalseggpå Honnstad i Surnadal.Han har stor avling av både store og små graskar. Og spenninga var stor da dei største skulle vegast.

 

Inga Dalsegg og Nathan Lediard med gresskar_715x557.jpg

 

 

Inga Dalsegg Nathan Lediard graskar_715x623.jpg

 

Namn hadde dei til og med fått. Seymour, namn inspirert av filmen «Little Shop of Horrors», vog 33 kilo. Og George, oppkalla etter prins George av Storbritannia ( fødd 22. juli i år), vog heile 49 kilo. Lediard hadde  håp om at George skulle slå rekordstorleiken på graskar han dyrka fram som gartnar i England. Det graskaret, av same sort som George, vart 52 kilo. Skuffelsen var merkbar over ikkje å nå opp til gammal rekord. Men vi er jo på Nordmøre… Neste år, nye sjansar, seier den energiske fotograf og «hobbygartnar». Dette er første året Lediard prøver seg med graskardyrking i Norge. Erfaringa hans her på Honstad seier at såinga bør skje noko seinare. Juniveret var og elendig i år, så betre må det no vel bli seinare år!

 

Då kunstmålar Inga Dalsegg  fekk nyss i at graskardyrking var på gang i Surnadal, vart ho naturlegvis svært «gira». Ho har i oktober, i 15 år, drive med utskjering av graskar til halloweenfeiringa. Inga har imponert stort med sine kunstferdige masker i graskara. Og med lys inni, er dei heilt magiske.

 

Interessa for utskjering av graskar starta da Inga studerte på kunstakademi i England. Utdanninga var kunstmåling, men som kunstnar er ho kreativ på mange felt. Og i møte med den sterke tradisjonen med halloweenfeiring og utskjering av grimasar i graskar til halloweenlykter, vart Inga biten av basillen. Så då ho flytta tilbake til Rindal i 2003, tok ho med seg halloweentradisjonen dit. Og sia har interessen for utskjering av graskar breidd om seg i heile Midt-Norge og vidare.

 

Inga arrangerer og halloweenfestar kvart år, på helg nært opp til sjølve halloweendagen, 31.oktober. Alle må møte i kostyme. Da er det utskjering av graskar og matlaging av fruktkjøtt og graskarkjerner. Berre fantasien kan stoppe kva ein kan nytte denne ressursen i. Som til dømes: Pai, muffins, suppe, pizza, salat, sylta graskar, marmelade, drinkar m.m.

 

Graskarutskjering og halloweenfeiring har berre «balla» på seg, seier Inga Dalsegg. I fjor var ho både på NRK og gjest i God morgen på TV2, der ho skar ut graskarlykter på direkten. Nationen fann og saka svært interessant, så det vart eit langt intervju.

 

Inga fortel at ho og i år er invitert til å skjere ut graskar på direktesendt «God morgen Norge» på TV2. Så no er Inga i planleggingsfasen. Har ein del idear, men motivet er hemmeleg, seier ho. Men graskara er klare; Seymour og George fra Honnstad. Både transport og utskjering av desse gigantgraskara må til og med for Inga bli ei stor utfordring. Men ho klarar det ho vil!

 

Hugs: «God morgen Norge» på TV2, halloweendagen 31.okt.!

 

Både fotograf Nathan Lediard og kunstmålar Inga Dalsegg er svært så kreative og energiske, og båe har stor evne til å more seg. Så det blir spanande å følgje dette samarbeidsprosjektet «Graskar-Halloween».

 

 

Inga Dalsegg og Lediard med minigresskar_715x509.jpg

Inga Dalsegg og Nathan Lediard med minigraskar

Inga Dalsegg får fullt opp utover: Først får ho besøk av NRK Trøndelag heime i Rindal, så besøk av TV2 Nyhetene ein dag, slik at dei får bli med på heile utskjeringsprossessen, og til slutt skal ho til TV2 sitt studio i Oslo og skjere ut graskar på God Morgen Norge.

 

 

Tekst og bilete:  Anne Vognild Einum