Picasa

Reint vatn – rein fisk

Fredag inviterte Surnadal Jeger- og Fiskerforening til familiedag med elvefiske ved Sommarfjøsvollen på Kårvatn i Todalen. Etter eit par kveldar med sommarforhold, så snudde veret tilbake til det «normale» for sommaren 2015. Dei som likevel tok turen innover dalen, fekk ei fin kveldsstund. 

Stetene var villige, og ungene fikk dra iland, sjøl om dei vaksne utførte kasta. Dei minste stetene fekk lov til å svømme vidare, og det i vatn som visstnok er Europas reinaste. Bortimot 10 steter vart med heim.

IMGP1267_690x457.jpg

Eit av dei første kasta.

IMGP1274_690x457.jpg

Aron, Even og pappa Odd Helge viser fra den første fangsten.

IMGP1275_690x459.jpg

Aron viser oss steta han har tredd på lillefingeren.

IMGP1278-001_690x461.jpg

Anna var stolt over steta si.

IMGP1287_690x460.jpg

Ola og bestefar er svært fonøgde med fangsten.

IMGP1300_690x457.jpg

Ola Røe og Kjell Lund frå Surnadal JFF ordna både med leirbål og grill. Dei viste seg også som dyktige grillkokkar. Ola hadde med seg kortreist, sjølvfiska storsei ute frå Norvikstranda. Den vart grilla og servert på ein utsøkt måte.

IMGP1302_690x457.jpg

IMGP1305_690x460.jpg

Sommarfjøsvollen er ein idyllisk leirplass med både bålplass, sitteplassar og gapahuk.

IMGP1307_690x460.jpg

IMGP1308_690x460.jpg

Dei yngre fiskarane forsynte seg med pølser frå grillen, medan Erik lika den nygrilla storseien kjempegodt!

IMGP1315_690x460.jpg

Ein glad og livleg flokk fiskarar med deltakarpremiane dei fekk frå Surnadal JFF. Stetfangsten er godt plassert på honkene.

Elva Toåa kunne hatt dobbel så stor vassføring, fortel Ragnar Halle. Halvparten av vatnet går til kraftproduksjon i Driva Kraftverk på Fale i Sunndal. I si tid var det avtale om at dette vatnet skulle tilbakeførast til Todalen og bli ein del av ei kraftutbygging der. Så vart vassdraget freda, og seinare kom Trollheimen Landsskapsvernområde.

IMGP1269_690x1042.jpg

Såå --  fin var kvelden.

Tekst/foto: OleT