Ragnhild skøyting 5 km x 690

Ragnhild Mogstad nummer 20 av 103 i junior-NM

Fredag starta junior-NM på ski på Savalen, med deltakarar frå både Rindal IL og Surnadal IL på startstreken. I klassa for kvinner 19 og 20 år tok Ragnhild Mogstad ein sterk 20. plass på 5 km klassisk.

Ingressfoto: Ragnhild Mogstad imponerte stort på 5km klassisk intervallstart fredag, og vart nummer 20 av 103 startande (Foto: Surnadal IL).

Det er ikkje berre i Holmenkollen det er klart for store skiopplevingar i helga. På Savalen vert det nemleg arrangert junior-NM, med individuelle renn fredag og laurdag, samt stafettar søndag.

Første lokale skiløpar ut var Jøri Vatten, som går for Surnadal IL. Ho deltek i klassa K17, og i kamp mot Noregs beste 17-åringar enda ho på 80. plass av 111. startande på 5 km klassisk. 

Vatten gjekk dei fem kilometrane på 21.21,6, og gjekk i mål 3.57,1 bak vinnaren, Maria Hartz Melling frå Konnerud IL.

I klassa over vart det, som venta, favorittseier til Helene Marie Fossesholm frå Eiker SK, også det på 5 km klassisk. Fossesholm tok nyleg to sølv bak meir kjende Frida Karlsson frå Sverige, pluss stafettgull, under junior-VM. I mål var stortalentet 1.10,4 framfor nummer to, Tuva Lislevand frå Oddersjaa, i mål. Ingen lokale utøvarar deltok i denne klassa.

I klassa K19/20 var tre surnadalingar i aksjon. Best av dei var Ragnhild Mogstad, som tok ein imponerande 20. plass av dei 103 startande. Ho gjekk i mål 1.12,4 bak vinnaren, Linn Ravndal frå Gjesdal IL.

19-åringane Malin Einmo og Ane Mogstad enda på 29.- og 45. plass, henhaldsvis 1.25,4 og 1.57,0 bak vinnaren. Alle dei tre representantane frå Surnadal IL var dermed blant den beste halvparten på åpningsdistansen.

Erik Løfald frå Rindal IL og Njaal Lundemo Aakvik deltek i klassa M17. Aakvik starta ikkje fredagens renn, medan Løfald gjekk svært godt første halvdel av løpet og var mellom anna nummer 30 av 182 etter 3,4 kilometer. Det gjekk noko tyngre mot slutten av løpet, og Løfald vart til slutt nummer 98 i mål - 3.33,3 bak vinnar Johannes Staune-Mittet frå Lillehammer.

Kristoffer Berset var og i aksjon fredag, i klassa M19/20. Surnadal IL-løparen var nummer 27 etter 3,2 kilometer, medan han låg på 39. plass etter 8,4 kilometer. Berset avslutta sterkt, og ved siste passeringspunkt, 200 meter før mål, hadde han gått seg opp til 33. plass.

Til slutt vart det 35. plass av 230 startande og 211 fullførte, 2.25,6 bak vinnar Håvard Moseby. Kjelsås-løparen har vunne Norgescupen dei to siste sesongane, og tok stafettgull med Norge under junior-VM i januar.
 

Både Rindal IL og Surnadal IL er medlemmar av Trollheimsporten.