ingvild

Ræta opp

Surnadal trenings- og velværesenter og Ingvild Kårvatn drar i gang mosjonsløp-trening som opptrening til «Ræta opp». Mosjonsløpet "Ræta opp" som vart ein stor suksess i fjor, blir også i år arrangert, LAURDAG 29. JUNI av Todalen IL. Sett av datoen!

Arrangør og primus motor for dette løpet er Ingvild Kårvatn. Inntekta går i år som i fjor til Foreningen for hjertesjuke barn i Møre og Romsdal.

I samarbeid med Ingvild vil vi på STV køyre igang ein fellestime for veka der vi skal trene ilag mot dette løpet. Vi startar i forsiktig tempo, så alle kan delta, uansett form.

Du er sjølvsagt velkomen til å delta på denne timen om du ikkje skal vere med på mosjonsløpet.

Dette blir torsdagar kl. 16.30.

Du melder deg på timen som vanlig, møter opp på STV og bekrefter timen, så startar vi saman og går/jogger opp mot Kleiva.

Dersom du ikkje er medlem på STV, men ønskjer å vere med, tek du kontakt med oss, så ordner vi det. Velkommen!