Radiostyrt fart og spenning
Surnadal RC-klubb inviterte laurdag til open dag i Surnadal idrettshall. Der hadde dei utstilt alt mogleg av radiostyrte kjøretøy. Bilar, båtar, dronar,fly og til og med anleggsmaskinar var å finne i den store utstillinga klubben hadde stelt i stand!
Her var det anledning for publikum til å prøva å køyre fleire forskjellige såkalla drifting-bilar. Noko som var svært populært, naturleg nok!
Bilprat gutar imellom!
Ole Martin Aune Fjeld frå Surnadal Rc-klubb kunne fortelja at klubben er ganske fersk, men han håpa på at mange ville kome å sjå kva RC-verden har å tilby. Fjeld håpar at klubben kan få mange medlemmar etterkvart, slik at aktiviteten kan auke, og at fleire blir interessert i RC. Fjeld ønskjer også sponsorar velkommen til å støtta klubben. Det er berre å ta kontakt, seier Fjeld.
Styremedlemmar i Surnadal RC-klubb, frå venstre, Hroar Henriksø,styreleiar Bastian Mogstad, nestleiar Ole Martin Aune Fjeld, Leif Korshamn og Benjamin Haxha
Loke syner fram den radiostyrte dumparen sin! Den har også radistyrt tipp,sjølvsagt!
Det var stort utval av kjøretøy, noko bilda under viser.
Bilane kan ha fleire forskjellige motorar, både bensin, nitrobensin og batteridrift. Batteribilar kan kome opp i ein hastighet på opp mot 200(!)km/t! Då må han som har radiostyringa i handa halde tunga rett i munnen!
Vi ønskjer Surnadal RC-klubb lykke til vidare!