Jo Svinsås_690x457

Hovedlandsrenn og Skandinavisk cup:

Råsterkt av Svinsås og Gujord

Det er ikkje berre i Seefeld det blir gått fort på ski i desse dagar, for lokale løparar har vore i aksjon både i skandinavisk cup i Madona, Latvia og under hovedlandsrennet på Gålå. Fredag var det Jo Svinsås frå Rindal IL og Johannes Gujord frå Surnadal IL som imponerte aller mest.

Jo Svinsås og Gjermund Løfald frå Rindal IL er i helga i Madona, Latvia, for å gå det som er avslutningshelga i Skandinavisk cup. 

Fredag var det sprint i fri teknikk som stod på programmet, og rennet er del av ein mini-tour, som og inkluderer 10 kilometer klassisk laurdag og 15 kilometer jaktstart i fri teknikk søndag.

I prologen vart Svinsås nummer 27 av 120 startande, 7,71 sekund bak Gjøran Tefre frå Førde, som hadde beste tid. 

Gjermund Løfald enda på 44. plass i prologen, 13,63 sekund bak Tefre og 5,33 sekund bak Thomas Albertsen Dahlen, som tok den 30. og siste plassen som gav kvartfinaleplass.

Svinsås leverte ein sterk kvartfinale, men tredjeplassen hans heldt ikkje til avansement. Likevel har 1997-modellen god grunn til å vere fornøgd, etter det som til slutt vart 16. plass av 120 deltakarar. 

Med 16. plass slo Svinsås sterke namn som Fredrik Riseth, Martin Løwstrøm Nyenget og Jan Thomas Jenssen.

Fem av seks løparar i sprintfinalen var norske, og prologvinnar Tefre trakk til slutt det lengste strået også i finalen, med Mattis Stenshagen på andreplass. Erik Valnes sørgde for heilnorsk seierspall. Johan Häggström frå Sverige vart nummer fire, medan Pål Trøan Aune og Vebjørn Hegdal enda på dei to siste plassane i finalen.
 

Gujord med best stilkarakterar og langrennstid

Johannes Gujord satsar for fullt som kombinertløpar, og fredag imponerte han stort då han vart nummer to i hovudlandsrennet på Gålå. Gujord låg på femteplass etter hoppdelen, som gjekk av stabelen torsdag. 

I denne klassa hoppast det i K70-bakke, og Gujord leverte eit hopp på 65 meter. Han fekk 16,5, 17 og 17 (totalt 50,5 poeng) som teljande stilkarakterar. Det var flest stilpoeng av alle dei 10 som stilte til start i klassa for gutar 15 år.

Eldar Johan Strøm frå Alta IF var suveren i hopprennet med sine 78,5 meter, som var 11,5 meter enn torsdagens nest lengste hopp. Dermed gjekk han ut 1 minutt og 44 sekund før nummer to, medan Gujord på femteplass starta 1 minutt og 51 sekund bak Strøm. 

Med eit knallsterkt langrenn gjekk halsalendingen, som representerer Surnadal IL, seg opp til ein flott andreplass. Gujord enda med beste langrennstid av dei 10 deltakarane på dei fem kilometrane, og gjekk i mål 1 minutt og 46 minutt bak vinnaren Strøm.

gujord.jpg
Johannes Gujord tok ein sterk andreplass under hoveudlandsrennet i kombinert på Gålå fredag (Foto: Surnadal IL Langrenn)


Bakken nummer 65 av 200

Fleire lokale løparar har vore i aksjon i dag. I klassa for Jenter 16 under hovudlandsrennet i Gålå vart Mali Eidnes Bakken frå Rindal IL nummer 65 av 200 deltakarar på fem kilometer fristil. I same renn vart Stine Fiske frå Surnadal IL nummer 88. Bakken var 1.51,3 bak vinnaren Tuva Anine Brusveen-Jensen frå Lyn Ski, medan Fiske enda 2.15,1 bak.

I denne klassa skulle og Hedda Aasbø frå Surnadal IL delteke, men ho måtte stå over på grunn av sjukdom. Det same måtte Ola Nordvik i si klasse.

Noa Sæterbø Raaen vart nummer 165 av 266 fullførte i klassa G16, som gjekk 7,5 kliometer fristil. Raaen enda 3.14,6 bak vinnaren, Thomas Linnebo Mollestad frå Oddersjaa SSK.

Hovudlandsrennet held fram med nye renn laurdag og søndag.


Rindal IL og Surnadal IL er medlem av Trollheimsporten.