Råkksøg gir Tahiti-gig!
Spelar du i band og likar å stå på scena? Da er Råkksøg på Sandeman scene under Vårsøghelga plassen for deg. Nytt av året er samarbeidet med Tahitifastivalen. Eitt av dei lokale banda på Råkksøg vil bli plukka ut til å spele på Tahitis opningskonsert i Kristiansund 26. juni der Vinni med band og Sirkus Eliassen og to Kristiansundsband spelar. Begge arrangementa er utan aldersgrense.
- Dette er fjerde året vi arrangerer Råkksøg under Vårsøghelga, og vi føler no at vi er i ferd med å etablere ei bra rockescene som ein viktig del av ungdomsprogrammet vårt, seier dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset.
– Vi håper å utvikle det vidare i år med å debutere på det vi kallar Sandeman scene, nobolokalet til Musters på Vårsøg Hotell. Og sjølvsagt er vi glade for å ha fått til dette samarbeidet med dei gode venene våre på Tahiti. Eg håper mulegheita dette gir til å kunne spele framom eit enda større publikum på Tahitibrygga, vil freiste mange band på Indre Nordmøre til å melde seg på, seier Kvendset.
Vårsøghelga har sett eit tak på 10 band til Råkksøg, og kvart band får 10 minutt til rådigheit. Her blir det først til mølla prinsippet, og band må melde seg på med epost til varsoghelga@varsoghalga.no. Kvendset likar ikkje å kalle Råkksøg ein konkurranse, men ein jury vil plukke ut det bandet som skal få spele eit ca. halvtimes sett på Tahiti-brygga.