Råg Rindal Norgesmester i speedcross
Under NM-veka i Bybergsanden tok 16 år gamle Råg Rindal frå Surnadal Motocrossklubb NM-gull i speedcross i klassa MX junior.
Rindal var best både i tidskvalifiseringa og begge dei to kvalifiseringsheata. Det gjorde at kommentatorane i finalen peika på surnadalingen som den store favoritten før start.
I den NRK 1-sendte NM-finalen i klassa MX junior fekk Rindal, med nummer 97 på sykkelen, ein god start, og var nummer tre inn i første sving.
Han avanserte raskt til andreplass bak Mattias Eide frå Os, og Rindal passerte og Eide før den første av dei sju rundane var køyrt.
2002-modellen auka leiinga i dei neste par rundane, og heldt avstanden ned til sølvvinnar Nicolai Wachendorf frå Vennesla på rundt tre-fire sekund.
Bortsett frå ein liten feil på nest siste runde køyrte Rindal bortimot feilfritt, og ut på sisterunden hadde han over fire sekund å gå på ned til andremann.
I realiteten var seieren dermed aldri trua, og etter bronse i 2017 og sølv i 2018, kunne Rindal frå Surnadal juble for NM-gull på tredje forsøk.
Petter Rødsdalen Sønsthagen fra Rena tok bronsen etter Rindal og Wachendorf.
Speedcross er ein hastigheitskonkurranse med motorsykkel, der konkurransen vert køyrt på banar bygd opp av naturlege hinder, som hopp og svingar. Utøvarane startar samtidig frå ei startgrind, og det er rett og slett førstemann over målstreken.
I laurdagens NM-finale var førstemann over målstreken i MX 125 for juniorar altså Råg Rindal frå Surnadal Motocrossklubb.
Råg Rindal #97 i beste startspor før finaleheatet.
Rindal ut på sisterunden, med fire sekunders forsprang på andremann.
Her hopper Råg Rindal i mål til sitt første NM-gull, etter sølv i fjor og bronse i 2017.
Her er bilder fra NRK-profil Torgeir Bjørns seiersintervju med Råg Rindal:
Alle foto: Skjermdumpar frå NRK 1s TV-sending frå NM-veka.