Arve Tellefsen25.10.2005©Foto:Bente BjerckeFrilansfotografBente Bjerckemob +47 905 99 968mail: bbjercke@start.no

Program for Vårsøghelga

Har du fått med deg det stjernespekkede programmet for årets Vårsøghelg? Denne karen finner du på Kleivakveld lørdag 30. mai, men det er mange, mange andre godbiter å få med seg hele helga gjennom. Les mer for fullt program.

Gå inn på Vårsøghelgas egne nettsider for å se hvordan du bestiller billetter.

 

 

Torsdag 28. mai

Verkstad: Stomp

Er du glad i rytmer? Jimu Makurumbandi og Jo Inge Nes inviterer til «stompverkstad» for unge. Oppdrag: å lage kunstnarisk innslag til opninga av Vårsøghelga. Påmelding til: varsog@varsoghelga.no

 

Opning Vårsøghelga og kunstutstilling:

18.00 Foajéen i Surnadal kulturhus
Vårsøghelga 2015 og salsutstilling av Håkon Bleken opnar. Jimu Makurumbandi og Jo Inge Nes saman med unge verkstaddeltakarar trommar inn vårsøghelg nr. 20. Jubileumskake og kaffe.
Lansering av boka: Dikt frå Vårsøglandet 2. utgåve, Laget Vårsøg.

 

Vår kveld

20.00 Vårsøgteltet på Skei
Lokal scene med kortreist humor og musikk. Vi gjentek suksessen frå i fjor. Deltakarane konkurrerer om høgst desibel på gapskrattmålaren.

 

Fredag 29. mai

Eldre hjelper eldre

11.00 Svorkasalen i Surnadal kulturhus
Svein Sæter fortel om Knut Haugland, som deltok både på tungtvannsaksjonen og Kon-Tiki-ekspedisjonen. Først da han var 90 år fortalte Haugland om livet sitt. Resultatet av samarbeidet med Svein Sæter vart boka «Operatøren».

 

Henningtimen

12.00 Storstuå i Surnadal kulturhus
Henning Sommerro inviterer ungdomsskulen til ein annleis musikktime.

 

Drivadebatt: Kommunereformen – er lokaldemokratiet truga?

14.15 Svorkasalen i Surnadal kulturhus
Gambler vi med lokaldemokratiet?- Driva-debatt om kommunereforma

Per Sandberg (Frp) og Per Olaf Lundteigen (Sp) innleiar til debatt saman med eit skarpskodd panel. Avisa Driva og Vårsøghelga samarbeider om Driva-debatten der aktuelle trendar og ulike utfordringar i samfunnet blir diskutert. I år ser vi nærare på kommunereforma og verknadene for lokaldemokratiet.

 

Vårsøghelg 20, Vårsøg 70. Jubileumskonsert

18.00 Storstuå i Surnadal kulturhus
Jubileumskonserten vil bli ein norsk konsert. Edvard Fliflet Bræin, Edvard Grieg og Henning Sommerro står for komposisjonane. Med Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Sigmund Groven, Anders Larsen, Trygve Brøske, Isa Katharina Gericke pluss overrasking! Trondheim Symfoniorkester dirigert av Torodd Wigum stiller i toppform. Dette blir ein pangkonsert!

TSO Fred Jonny_690x460.jpg

TSO. Foto: Fred Jonny.

 

Vill vest i Vårsøglandet

20.30 Horisonten saloon, Thon hotell Vårsøg
Norskamerikansk folknight for skapcowboyar og smellvakre saloonladies. Gammalgrassmusikk i krysninga sørstatane og nordvestlandet, Lenas saftige hamburgers og forteljingar frå leirbålet. Dresskode: Dongribrok med eller utan hatt.Gammalgrass med Ola Kvernberg, Stian Carstensen og Ole Morten Vågan med eit sjølvdefinert musikalsk smørgåsbord med folkelege/forhatte (kryss av det som ikkje passar) instrument som banjo, trekkspel, steelgitar og fele i sentrum. Musikken er ein lapskaus av gammaldans, bluegrass, barokk(!), jazz, ballroom og country! Dette har resultert i eit aldeles utsøkt knippe auditive nytelsar til innvortes bruk for alle – uansett sosiale antenner i alle aldrar.

 

Bluegrass

22.00 Vårsøgteltet på Skei
Våre eigne Ola Langli og Kjetil Holden kjem med bandet Persaunet Porch Pickers og spelar opp til ein livleg kveld med hæla i duken på vårsøgteltet.

 

Laurdag 30. mai

Grenselaust språk

11.00-14.00 Kammerset /Storstuå i Surnadal kulturhus
Skriftkulturen i kommunane er hovudemnet på seminaret. Endringar i kommunane og nasjonale føringar i språkpolitikken er bakgrunnen. Per Olaf Lundteigen, stortingsrepresentant, og Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum, er blant fleire innleiarar. Arr.: Sunndal Mållag i samarbeid med fleire. Påmelding til Nils Ulvund: nils.ulvund@sunndals.net  / tlf.90027161

 

Torg

11.00-16.00 Vårsøgteltet på Skei

 

Barneteater: Arthur og den forsvunne sangen

12.00 Svorkasalen
Arthur trur at han aldri vil få lov til å leke og ha det gøy, men så møter han den gamle dama som gir ham ei magisk gåve. Førestillinga blir formidla ved bruk av stemmen, harpe og fløyte og handlar om å samarbeide. Messosopran Mai-Britt Wognild og komponist, fløytist og harpist Marthe Belsvik Stavrum deltek.

 

Boksøg

15.00 Surnadal folkebibliotek på Surnadal kulturhus

 

Kleivakveld

18.00 på Kleiva
Kleivakvelden har gebursdag! Laget Vårsøg med Henning Sommerro i spissen inviterer til ein minnerik Kleivakveld nr. 20 med Arve Tellefsen, John Pål Inderberg, Isa Katharina Gericke, Fjord og Fjell og Jimu Makurumbandi.

 

Pubkveld med Fjord og Fjell

20.00 Vårsøgteltet på Skei
Fjord og Fjell tek søget frå Kleiva vidare til dei små timar i vårsøgteltet. Konsert med Fjord og Fjell som munnar ut i vårsøgjam. Oppfordrar musikarar til å hive seg utpå.

 

Søndag 31. mai

Bondehuset Bokcafè: Slepp av Søyådalsboka

13.00 Bondehuset i Stangvik , dørene opnar kl. 12.00
Lars Steinar Ansnes, Erling Myrbostad og Torbjørn Polden gjev ut bok om Søyådalen.Kunstnarisk innslag og lunch inkludert.

 

Fred på jord

15.00 Stangvik kyrkje
Nidarosdomens Guttekor med dirigent Bjørn Moe og organist Erling With Aasgård. Vakker og dramatisk kormusikk frå Sir Hubert Parrys «I was glad» til Arnold Schönbergs «Friede auf Erden». Edvard Griegs «Våren», og minnet om Knut Nystedt som nettopp gikk bort vil bli hedra med nokre av hans finaste motettar, m.a. "Peace". Det blir og verk av Jon Laukvik, John Rutter og Henry Balfour Gardiner.

 

Lindeman frå Øverlandet

18.00 Øverlandet, Surnadal
Ole Andreas Lindeman vart født i 1769 på garden Øverlandet. Han var far til Ludvig Mathias Lindeman som samla omlag 2000 norske folkemelodier på 1800 talet. I årets foredrag set professor emeritus Harald Herresthal søkjelyset på Lindemanslekta. Herresthal er den framste kjennaren av Lindemanslekta her i landet. Øverlandsfolket kjenner sitt ansvar som bærarar av ein sentral stad i norsk musikkliv og stiller heimen sin til disposisjon. Isa Katharina Gericke (Herresthal er hennar onkel) og Trygve Brøske deltek med musikk i Lindeman «si ånd.»

Kaffeslaberas. Vårsøghelga munnar ut i hagen på Øverlandet etter programmet.